Vern Kvernaland

3. april 20203 min

David mot Goliat

Tekst: Ingrid Fiskaa, kommunestyrerepresentant for SV i Time


 
Eit par dagar før jul kjem oppkjøparen på døra. Om dei vil inngå intensjonsavtale om å
 
selja jorda? Enorme summar svevar i lufta. Naboar er allereie på glid, eller har sagt ja.
 
Der og då gjeld det å tenka raskt, og tenka klart. Ulike framtidsutsikter trer fram: eit
 
langsamt liv knytt til jorda og bygda, eller raske pengar og paraplydrinkar i sola?


 
Omtrent slik var det første møtet mellom teknologigigantane og innbyggarane i
 
kommunen min. Det vil seia - me veit framleis ikkje kven av dei store teknologiselskapa
 
som vil etablera seg på Frøyland i Time. Er det Facebook, Google, Amazon, Apple eller
 
Microsoft? Enn så lenge held dei seg i bakgrunnen. I fremste rekke opptrer i staden
 
kraftselskapet Lyse, datasenterselskapet Green Mountain, det fylkeseigde New Kaupang
 
og lokale eigedoms- og entreprenørfirma.


 
New Kaupang har i oppgåve å lokka internasjonale selskap til Rogaland, og har
 
allereie laga flotte prospekt på to delar av det store området. Her framstår det som dei
 
er klare for sal og utbygging. Dei oppsøkte grunneigarane får inntrykk av at saka
 
nærmast er avgjort. Å seia nei har lite for seg.


 
Når kommunen inviterer til informasjonsmøte i bygda i morgon, har
 
administrasjonen allereie jobba med saka i eit halvt år, minst. Saka har ikkje vore til
 
politisk behandling. Men utbyggarane hadde sitt første offisielle møte med kommunen i
 
oktober. Fleire av grunneigarane var på si side uvitande om saka før oppkjøparane
 
dukka opp på tunet. Innbyggarar flest veit endå mindre, men dei siste vekene har saka
 
endeleg fått brei omtale i lokal- og regionalmedia.


 
Kommunestyret fekk si første orientering om saka for tre veker sidan. Dersom
 
det kan kallast orientering, då. Det drygt halvtimes lange opptrinnet bar meir preg av å
 
vera eit reklameinnslag, der selskapa Lyse og Green Mountain uimotsagt fekk
 
presentera visjonane sine: Tusenvis av arbeidsplassar ligg i potten, og ord som
 
berekraft og grøn gjekk igjen. Det heile toppa seg med ei barneteikning av ein
 
regnboge som motsats til dagens forureinande fabrikkpiper, og med barnets innstendige
 
bøn om at me må ta klimatrusselen på alvor.


 
Etter slike seansar kan ein bli i tvil om kor påliteleg resten av prosessen blir. Kor
 
edrueleg blir den rapporten som kommunen har bestilt, som skal greia ut fordelar og
 
ulemper? Kven har eigentleg kunnskap om datasenter og liknande kraftkrevjande
 
verksemd - andre enn bransjen sjølv?


 
Til no er det enkelte innbyggarar som på eige initiativ har sett seg inn i saka,
 
skrive lesarinnlegg og imøtegått utbyggarane sine tal. Desse enkeltpersonane gjer eit
 
imponerande arbeid, men i møtet med pengesterke aktørar med eigne
 
informasjonsrådgivarar og -strategiar blir det feige lag.


 
Det finst gode grunnar til å ha datalagring på norsk jord. Kontroll over data vil
 
vera avgjerande for utforminga av framtidas samfunn. I dag er det nokre få amerikanske
 
selskap som eig det meste av digital informasjon om norske borgarar. For personvernet
 
og som utgangspunkt for vidare bruk av all denne informasjonen gir det god meining å
 
ha sørvarane innanlands. Ei innvending mot dette igjen er at ein komande internasjonal
 
datahandelsavtale kan forby demokratisk kontroll med data. Då er det uansett selskapa
 
som styrer all lagring og bruk.


 
Slik føyer presset mot norske lokalsamfunn seg inn i eit større mønster. Er det
 
den sterkaste sin rett som skal gjelda, eller skal me i fellesskap ta kontrollen over
 
framtida vår? Det er lett å kjenna seg liten, men hugs: det var ikkje Goliat som vann.

    1980
    3