• Vern Kvernaland

Me samlar inn pengar til ny rapport om arbeidsplassar

Vern Kvernaland inviterer til dugnad for ein ny og nøytral rapport om arbeidsplassar ved eventuelle datasenter på Kvernaland.


- Me er skuffa over rapporten som Time kommune har fått frå Norconsult. Det gjeld særleg på punktet om arbeidsplassar. Rapporten gjengir ukritisk tala frå Green Mountain/Lyse og andre datasenterselskap, og manglar tal og vurderingar frå nøytrale aktørar, seier Atle Sjølyst-Kverneland, leiar i Vern Kvernaland.


Vern Kvernaland meiner derfor det trengst ein ny rapport frå uavhengige forskarar, og har inngått ein intensjonsavtale med Institutt for rural- og regionalforskning, Ruralis. Rapporten skal finna tal på arbeidsplassar og økonomiske ringverknader både ved ei eventuell datasenterutbygging og ved dagens bruk av areala.


- På denne måten ønskjer me å bidra til ein meir opplyst debatt og eit breiare kunnskapsgrunnlag før avgjerda blir tatt av kommunestyret, seier Sjølyst-Kverneland.


Ein slik rapport kostar 300.000 kroner, og me er i full gang med å samla inn pengestøtte til arbeidet.


- Me håper at både enkeltpersonar, organisasjonar og bedrifter vil bidra til dugnaden.


Slik kan du bidra:

  • Vipps: #625299

  • Kontonummer: 3290.61.28429

Styret for aksjonsgruppa Vern Kvernaland jobbar iherdig med å samla inn pengar til ein ny og nøytral rapport om arbeidsplassar ved eventuelle datasenter på Kvernaland. Frå venstre: Lars Sigve Eide, Guro Bjånes, Stein Eirik Heskestad, Atle Sjølyst-Kverneland, Elisabeth Søyland og Kirsten Kverneland. I tillegg er Aud Søyland Kristensen og Anne Frøyland Grødem med i styret. (Foto: Vern Kvernaland)

BAKGRUNN:

  • Green Mountain (Smedvik) ønsker å bygga sitt fjerde datasenter i Norge bak Kvernaland.

  • Planane har store konsekvensar for nærmiljøet, og vil gjera bygda til eit industrifelt. Konsekvensane for naturen og kulturlandskapet er store, i tillegg til at utbygginga skapar uforutsigbarheit og usikkerheit for arbeidsplassar i landbruket. Derfor ønsker Vern Kvernaland å stoppa desse planane. Over 2100 har signert eit opprop til støtte for dette.

  • I starten av september la Norconsult fram ein rapport, bestilt av Time kommune. Målet med denne var å vega inngrepet i bygda opp mot moglegheita til å skapa «regionale arbeidsplassar». I denne rapporten anslår Norconsult at det kan skapast 3200 arbeidsplassar med lågt anslag, og 6200 arbeidsplassar med eit høgt anslag. Desse tala er sett saman av rapportar som er betalte av og/eller skrivne av datasenterbransjen sjølv. Norconsult og kommunen har ikkje skaffa ny balansert informasjon. Dei har heller ikkje drøfta kva konsekvens utbygginga har på landbruket på kort eller lang sikt, som jo også er arbeidsplasser. Derfor meiner Vern Kvernaland det trengst ein ny rapport.

366 visninger1 kommentar

Siste innlegg

Se alle