• Vern Kvernaland

Etablering av datasenter gjev få arbeidsplassar i høve til forbruket av kraft

Oppdatert: 31. mars 2020

Tekst: Sven Åsland


Spørsmålet om arbeidsplassar står sentralt i saka om datasenter. Green Mountain lovar 15-20 arbeidsplassar pr. MW, altså 7500-10000 for ei utbygging på 500MW. På folkemøtet den 10. mars vart det spurt om kor mange arbeidsplassar det er på Rennesøy. Til det svara styremedlem Molaug noko ullent med å seia at Green Mountain har om lag 50 tilsette. I følgje Proff.no er det rett for heile konsernet, men Green Mountain Rennesøy har 26, rett nok 2018-tal. Det har i det heile vore ei suppe med samanblanding av arbeidsplassar og årsverk, kvart år og samanlagt for ein 10-års periode. Green Mountain opplyser til Aftenbladet at 120 årsverk har i gjennomsnitt vore engasjert de siste 6 månadane på Rennesøy. Igjen ei litt uklar formulering men dei reknar då med eigne tilsette, kundar og leverandørar.


Når ein person er tilsett i eitt år er det 1 årsverk. Er han tilsett i 10 år er det utført 10 årsverk, men det er berre ein arbeidsplass. Å seia at det er 10 arbeidsplassar over ein periode på 10 år er misvisande.


Studie for Noreg


(Foto: Luleå Data Center)

Me skal difor sjå på eit par rapportar som er skrivne. Menon economics har på oppdrag frå Statkraft, Energi Norge, Ryfylke IKS og Verdiskapingsinitiativet i Vestfold sett på oppbygging av eit såkalla hyperscale datasenter. Dette er store dedikerte datasentre som vert etablert og drivne av store selskap som Facebook i Luleå og Google.


Dei ser for seg ei utbygging over 10 år, oppdelt i 3 datahallar kvar på 30 mål med installert effekt på i overkant av 30 MW. Totalt vert dette om lag 100 MW. Det er rekna 3 års byggjetid for kvar hall slik at når ein hall er ferdig byrjar dei på neste. Dessutan vil det i starten verta bygd eit administrasjonssenter og trafo. Drifta vil så starte opp i kvar hall så snart han er ferdig.


Dei reknar med 4 typar arbeidsplassar.

  • Anleggsarbeid med bygging

  • Drift av anlegget

  • Indirekte, sysselsetjing hjå underleverandørar i fleire ledd

  • Induserte/konsumeffekt arbeidsplassar som kjem frå forbruk av tilsette som butikkar, restaurantar etc.



Anleggsarbeidet vil ha ein topp i år 2. då dei både bygger administrasjonssenteret og startar på trinn ein, med 261 arbeidsplassar, dei andre 9 åra 130 arbeidsplassar, summert over 10 år vert det 1433 årsverk, i gjennomsnitt 143 i dei 10 anleggsåra. Etter det ingen byggjeaktivitet.


Arbeidsplassar i drift vil starte varsamt i år 3 og auke til 225 frå og med år 11.

Arbeidsplassar for underleverandørar varierer frå 124 til 235 i løpet av byggeperioden og held seg deretter på 128.


Dei induserte arbeidsplassane startar med 73 i 1. år og aukar til 172 i år 10, deretter jamt på 109.


I analyseperioden på 12 år, der dei 2 siste er rein drift vert det 6816 årsverk, men i gjennomsnitt 568 arbeidsplassar.


Dette tyder at etter anleggsperioden vil det væra 225 tilsette ved datasenteret og tilsaman 461 når me tek med alle sideeffektane. Dette for 100 MW, gangar me opp til 500 MW vert det 2305 arbeidsplassar. Dersom planane vert vedtekne er det heilt usikkert kva type og storleik verksemdene vil få. At det kjem inn 5 datasenter som kvar krev 100 MW er lite truleg. Små datasenter vil truleg relativt bruka fleire årsverk men det er vanskeleg å finna tal for dette, difor må me samanlikna med Green Mountain sine 7500-10000.


Rapport for Facebook i Luleå


(Foto: Luleå Data Center)

Green Mountain og Lyse meiner at etablering av datasenter kan dra mykje anna med seg, dei syner til Facebook si etablering i Luleå som eit glansdøme. Me kan då sjå på ein rapport utarbeidd av Sweco Society ASB i 2017. Denne byggjer på ein rapport av Boston Consulting Group frå 2014, bestilt og betalt av Facebook, og kompletterer den. Luleå er ein by på same storleik som Sandnes og har eit mål om å etablera 500 nye arbeidsplassar i året, totalt for alle bransjar.


Facebook har bygd 2 hallar, kvar på om lag 25 mål og 50 MW installert effekt. Investeringar på 11 mrd kroner, av dette godt 4 mrd i Sverige. All innmaten, serverar og rack vert kjøpt ferdig frå utlandet. Rapporten seier at byggearbeidet totalt var nær 4700 årsverk for 2 hallar, godt 900 i året i gjennomsnitt. Av desse 400 i fase 1 og 530 i fase 2. Men ettersom byggearbeidet for hall 2 vart starta etter at hall1 var ferdig er det litt uklart kva dei meiner med dette. Men her har dei rekna med både indirekte og indusert effekt.


Drift av anlegga sysselset nær 400 direkte, indirekte og indusert, men merk: knapt 250 busett i regionen. Oppgradering av maskinparken skjer i 3-års intervall og sysselset 570 årsverk. Ingenting sagt om dette vert gjort av mannskap som kjem inn for å gjera jobben. I tillegg reknar dei ca. 40 årsverk i energibransjen.


Samstundes opplyser dei at Facebook har 45 tilsette medan 3.partsleverandørar har 181 i 2017. Alle i Facebook og knapt 60% frå 3.partsleverandørane er busette i regionen medan 10% er busett utanlands.


Vidare har dei så rekna opp alt som har skjedd i Luleå etter 2011 då FB kom dit og tilskrive det etableringa av Facebook. Også i Menon-rapporten skriv dei noko om smitteeffektar og klynger men naturleg nok ikkje noko konkret eller talfesta.


Facebook bygger nå ein 3. hall som skal ha installert effekt på 100 MW.


Det er også ein rapport utarbeidd av IHS Markit som er bestilt og betalt av Facebook som ser på kva etablering av Facebook har hatt å seia for Facebook sine datasenter i Sverige, Danmark og Irland. Rapporten er datert september 2019. Den seier at i perioden 2011-2018 er det skapt 1461 arbeidsplassar kvart år. Her har dei rekna med «rått og råte» av arbeidsplassar og det gjeld heile Sverige, ikkje berre Luleå. I 2018 var det 343 arbeidsplassar ved datasenteret, truleg noko påverka av bygging av trinn 3 som er nær ferdig. I dei 2 første trinna har dei alt den administrative delen inne for Facebookseier at det vil verta om lag 100 tilsette i drift på trinn 3.


Merknader

På folkemøtet vart det spurt om desse serverane vert produsert i Noreg. Svaret frå Green Mountain var igjen ullent, nei i dag må det kjøpast inn frå utlandet, men dei var svært opptekne av å freista å få dette til i Noreg. Faktum er at desse vert produserte i stor skala ute og me vil aldri verta konkurransedyktige.


Det er også ein klar trend at datasentera vert meir og meir lagde opp for fjernstyring slik at det kan sitja operatørar kvar som helst i verda og gjera jobben. Det krevst kompetanse men den vil selskapa kjøpa der det er billegast. Legg merke til at alt i dag er 40% av dei tilsette ved Facebook Luleå busette utanfor regionen. Om me som eit tankeeksperiment ser for oss at også 40% av dei tilsette her held til utanfor regionen vert dei 215 i Menon-rapporten redusert til 129. Anta like mange indirekte, men induserte arbeidsplassar vert også redusert til 80. Samanlagt 337 arbeidsplassar i driftsfasen. Skalerer me opp til 500 MW vert det 1685 arbeidsplassar i regionen.


Noreg hadde før framsynte politikarar som sytte for at dei naturressursar me hadde kom landet til gode. Då me byrja med vasskraftutbygging fekk me konsesjonslovene som sa at om private bygde ut eit vassfall så skulle det tilfalla staten vederlagsfritt etter 60 år. Og då oljealderen kom fekk oljeselskapa ein ekstra skatt på 50% for at verdien skulle koma landet til gode. Dei er ikkje like framsynte i dag, eksempel er etablering av vindkraftverk utan avgrensing, i stor grad finansiert av grøne sertifikat som menigmann betalar, utbyggjar sit med enorm forteneste og krafta vert seld til utlandet.


Etablering av datasenter gjev få arbeidsplassar i høve til forbruket av kraft


Referansar

777 visninger1 kommentar

Siste innlegg

Se alle
 
  • Facebook

©2020 by Vern Kvernaland. Proudly created with Wix.com