• Vern Kvernaland

Gravfunn frå vikingtid og spor etter tidleg jordbruksbusetnad

Oppdatert: 31. mars 2020

Arkeologisk undersøking vintaren 2006/2007 på Frøyland i Time kommune


Artikkelen er publisert i Frå Hauk og Heidni, nr. 3, 2007. Even Bjørdal er arkeolog og prosjekttilsett ved Arkeologisk museum, Stavanger.

Av Even Bjørdal

I samband med boligbygging utførte Arkeologisk museum i Stavanger innan perioden ll.12.2006-14.02.2007 ei utgraving på Frøyland (gnr. 28, bnr. 1 mfl.) i Time kommune. Dette feltarbeidet påviste både bygningsspor frå slutten av steinalderen / byrjinga av bronsealderen og fire graver frå yngre jernalder. I den eine av to båtgraver var ei kvinne lagt til kvile i vikingtid. I grava hennar blei det funne ein jeksel frå den døde, samt smykker og reiskapar. Ei 12 cm lang, likearma bronsespenne med dyrehovud er i svært god stand. Denne draktspenna er truleg blant dei største av sin type som er grave fram i Noreg.


I eit jordbrukslandskap på Midt-Jæren

Garden Frøyland ligg nord i Time kommune, aust for Frøylandsvatnet og RV 505 og nordvest for Mosvatnet. Området er prega av haugar, ryggar og forsenkningar i eit bølgande morenelandskap. Undersøkinga fann stad på eit høgdedrag like sør for Stemmen. Stemmen er eit lite vatn som er oppdemt i nyare tid. Tidlegare var det truleg ei myr eller eit tjern som fylde ei dødisgrop her. Det undersøkte området låg i dyrka mark. Gardsnamnet Frøyland kan forståast i samband med den før-kristne gudinna Frøya, men det er også mogleg at namnet har opphav i ei nemning på fruktbart jordbruksland ved elvar og innsjøar. Gardar på Sørvestlandet med namn som endar på -land, har truleg kome til under ein oppgangsperiode i jordbruket i tida etter år 200 e.Kr. Frøyland har nok blitt skilt ut av ein eldre, større gard på denne tida, moglegvis Njå eller Kalberg. Det var ein sentral målsetnad for den arkeologiske undersøkinga å få vite meir om den tidlege jordbruksbusetnaden på Frøyland og på Midt-Jæren generelt.


Tidlegare funn og arkeologisk arbeid knytt til Frøyland

Det har opp gjennom åra kome inn gjenstandar frå både stein-, bronse og jernalder frå Frøylandsområdet til Arkeologisk museum i Stavanger. Av 15 registrerte funn-nummer, kan seks knytast til graver frå bronse- og jernalder. Allereie i 1909 gjorde konservator Helliesen ved Stavanger Museum ei synfaring i nærområdet til garden Frøyland, mot Frøylandsvatnet og ved Frøylandsbrekka. Han fann i alt 24 synlege faste kulturminne, dei fleste var gravhaugar. Ein langhaug, Helliesen sin nr. 6, skal ha eksistert i det aktuelle området for undersøkinga vintaren 2006-2007, men det vart ikkje sett spor etter denne ved flateavdekkinga. I 1964 vart det utført eit nytt regis­treringsarbeid i samband med Øko­nomisk kartverk, og talet på slike kulturminne vart sett til 28. I 1993 fanst det 22 rundhaugar, ein lang­haug, ei høystakketuft, ei innhegning og eit antal rydningsrøyser innan det omtala området. Langhaugen ligg i eit skogholt like nordvest for arealet undersøkt i 2006-2007.

Kulturseksjonen ved Rogaland fyl­keskommune utførte i 2004 ei arkeologisk registreringsundersøking på Frøyland i samband med planar­beidet til Time kommune. Denne registreringa blei gjort ved hjelp av gravemaskin (maskinell flateavdekking) i søkesjaktar. Tre av 18 søkesjakter inneheldt ikkje-synlege kulturminne, desse tre låg i den vestlege delen av planområdet. Det blei her funne 17 forhistoriske busetnadsspor; mel­lom anna stolpehol, ei kokegrop og ei mogleg grav. I tillegg vart det på­vist ein skrapar av flint frå bronseal­der og leirkarskår frå eldre jernalder. Resultata frå registreringa i 2004 gav, saman med opplysningar frå eldre synfaringar, verdfull informasjon for planlegginga av den meir omfattande utgravinga vintaren 2006-2007.


Målsetnader for utgravinga

På slutten av 1990-talet og byrjinga av 2000-talet, vart det gjort to ar­keologiske undersøkingar i tilknyting til det såkalla Kvålekomplekset i Time kommune. Ved utgravingar på to nærliggande kollar, Håbakken og Kvåle, blei det funne eit stort antal spor under markoverflata etter buset­nad og jordbruk. Dette var i eit om­råde som har klare likskapstrekk med Frøyland, både når det gjeld terreng og synlege kulturminne. Undersø­kingane i samband med Kvålekom­plekset har gjeve mykje informasjon om jordbruksbuplassar på Midt-Jæ­ren frå yngre steinalder til vikingtid.

Det ville såleis vere interessant å få vite meir om korleis tilhøva var på Frøyland i den same perioden. Målsetnadane for den arkeologiske undersøkinga på Frøyland har hatt både eit kulturhistorisk og eit vegetasjonshistorisk perspektiv. Frå AmS si side har det vore fokus både på å avdekke og dokumentere kulturminne og å utføre naturvitskaplege undersøkingar knytt til miljøhistoria på staden.

Denne artikkelen konsentrerer seg om det arkeologiske, kulturhistoriske perspektiv, om emne som bygnings- og gravskikk og organisering av aktivitetar knytt til jordbruket.


Undersøkinga desember 2006 - februar 2007

Det er ikkje ideelt å drive med arkeo­logiske utgravingar i vintarhalvåret, snø og kulde kan både forseinke framdrifta og redusere kvaliteten på det faglege arbeidet i felt. Takka vere relativt mildt ver og svært interessante funn, vart undersøkinga på Frøyland eit vellukka prosjekt som utan tvil har auka kunnskapen vår om fortida i denne delen av Time kommune.

Ved flateavdekking vart det under­søkt eit areal på ca. 3,4 mål på den vestlege delen av det aktuelle høgde­draget. Slik flateavdekking er eit sam­spel mellom gravemaskinførar og ar­keologar: Maskina skrapar av og fjer­nar matjordlaget, medan arkeologane med krafse og graveskei reinsar fram og markerer det som dukkar opp av spor etter forhistoriske aktivitetar. Dette kan vere til dømes stolpehol, kokegroper, eldstadar, diverse groper eller graver. Etter den innleiande avdekkinga vert så anleggsspora undersøkt og dokumentert nærmare og eventuelle gjenstandsfunn blir samla inn. På Frøyland vart det nytta det digitale dokumentasjonssystemet In­trasis til måle inn anleggsspor. Med Intrasis er det mogleg å føre ulike former for feltdata rett inn i ein data­base i staden for å gå vegen om hand­skrivne notatar. Denne dokumen­tasjonsmetoden har vore i bruk ved fleire andre av AmS sine gravingar i dei siste feltsesongane, mellom anna på Tastarustå i Stavanger i 2006 og 2007 og i Forsand i 2007.


Stadbundne korn-dyrkarar ved utgangen av steinalderen

Det var bufaste jordbrukarar her på Frøyland for knappe 4000 år sidan. Dette var i ei overgangstid mellom steinalder og bronsealder. Menneska som helde til på høgdedraget, levde i langhus og livnærte seg mellom anna ved dyrking av korn. Korleis veit vi dette? Jau, den arkeologiske undersøkinga påviste stolpehol som kan knytast til fleire påfølgjande fa­sar tilhøyrande ein toskipa langhus­bygning. Det vart teke jordprøver frå eit utval av desse stolpehola, og desse prøvene viste seg å innehalde eit stort antal forkola korn av typen naken bygg. Dette er eit av dei eld­ste kornslaga, truleg blant dei første som vart dyrka i Rogaland. Mengda av korn synest å tyde på eit omfattande og organisert jordbruk. Sidan eit korn kjem frå ein eittårig plante, høver det for å oppnå 14C-date­ring med god presisjon. Funnstaden i eit stolpehol knyt kornet tett opp til bruksperioden til bygningen som stolpen var ein del av.

Det har stått minst fire fasar eller utgåver av ein toskipa langhusbyg­ning på den same staden innan un­dersøkingsområdet. Ei faseendring er mellom anna synleg ved at takberan­de stolpar langs midtaksen er skifta ut. I den eine fasen var huset ca.13,5 meter langt og 5,5-6 meter breitt. I dei tre andre fasane var bygningen noko større, ca. 19,5 meter langt og i overkant av seks meter i breidda, og her var det større dimensjonar på stolpehola i omkrins og djupne. Dei dateringane som er klare, fortel ikkje om den minste eller største versjonen av huset kom først. Resultata over­lappar kvarandre delvis i tid. Men den toskipa bygningen var i bruk i løpet av perioden ca. 1900 - ca. 1700 år f.Kr. Av om lag 150 påviste stolpe­hol frå undersøkinga, kan 108 kny­tast til husområdet.

Huskonstruksjonen toskipa lang­hus verkar å bli utbreidd i Noreg i løpet av den siste delen av yngre stein­alder. Eit stykke inn i bronsealderen, frå om lag 1300 f.Kr. av, vert så den treskipa utgåva av langhuset foretruk­ke. «Skip» viser her til konstruksjon og rominndeling: Eit toskipa hus har to «rom» eller «skip» i lengderetninga, eit på kvar side av den midtplasserte rada av takberande stolpar, medan eit treskipa hus har to parallelle rader med takberande stolpar og dermed tre langsgåande «rom». Desse romma i langhusa kunne så vere oppdelt yt­terlegare av tversgåande skiljeveggar.

Langhus med tre skip var den do­minerande hustypen i størsteparten av Noreg fram til ein gjekk over til lafta bygningar i tidleg mellomalder. Medan det er ganske vanleg å finne spor etter treskipa langhus ved arkeologiske undersøkingar på landsbygda, har det inntil dei seinare åra vore påvist få langhus av den eldre, toskipa typen. På landsbasis er det dokumentert berre nokre titalls slike bygningar, av desse er omlag halvparten funne i Rogaland. I løpet av det siste året har det ved utgravingar i AmS sin regi blitt avdekka to slike langhus: den omtala bygningen på Frøyland og eit hus på Kleppestemmen i Klepp kommune, begge frå overgangen steinalder – bronsealder.


Ein stad for graver i yngre jernalder

Fleire tusen år etter at det toskipa huset var i bruk, fekk ei kvinne, ein mann og to born kvar si grav her på høgdedraget på Frøyland. Alle var dei lagt ubrende i jorda. Dei vaksne var lagt ned i båtar, ein skikk som var mest utbreidd i vikingtid, dvs. ca. 800-1050 e. Kr. Det var nok vanle­gast å nytte bruksbåtar: Farkostane frå dei to frøylandsgravene har truleg opprinneleg vore seks-sju meter lan­ge. Men det er i Norden påvist fleire graver frå vikingtida der heile skip er teke i bruk på denne måten. Ei tol­king av båtgravene er at båten fun­gerte som symbol på reisa til dødsri­ket. Draktspennene funne i den rike kvinnegrava stammar truleg frå 800- talet. Bornegravene var heller små og rektangulære nedgravingar, med funn som ikkje eignar seg like godt for presis datering. Det er mogleg at alle gravene skal forståast samla, som ein gravstad knytt til den same familien eller ætta.

Gravene blei undersøkt ved fingraving for hand med graveskei og spatel. All masse i tilknyting til gravene vart sålda med vatn for å sikre at gjenstandane ikkje gjekk tapt. Nokre av dei påviste funna var så skjøre at dei blei tekne opp som preparat av konservator og endeleg framreinsa ved AmS, Sjølve gravstrukturane og plasseringa av dei enkelte funna vart dokumentert i detalj ved teikning og foto. John Kvanli og Morten Eek frå Rygene Detektorklubb utførte eit viktig arbeid for utgravinga ved at dei undersøkte området ved gravene og markerte stadar der det truleg fanst gjenstandar av metall i jorda. Dette gjorde det lettare for arkeologane å vite kva områder ein burde fokusere særleg på.

Lenger bak i artikkelen følgjer om­tale av gravene med informasjon om dei mest interessante funna.

Kvinnegrava: ei husfrue av god ætt?

Det var 2. januar 2007: den andre dagen i det nye året, den første til­bake på feltet etter juleferien. Hel­digvis hadde likevel både arkeologar og maskinførar konsentrasjonen på topp, for akkurat denne dagen kom ei grav til syne ved flateavdekkinga. Då gravemaskina skrapte av det tyn­ne matjordlaget nær det høgste punk­tet på høgdedraget, dukka det opp ein del rustne naglar langs ei avlang nedgraving i bakken. Ved ei nærmare framreinsing med graveskei i om­rådet rundt denne strukturen, vart det funne eit smykke. Det dreia seg om ei uvanleg stor likearma bronse­spenne i særs god stand. Om lag samstundes vart det påvist eit fragment av ei ovalforma bronsespenne like ved. Dette var starten på ei rekkje fine gjenstandsfunn frå denne kvin­negrava. I løpet av få dagar vare det oppdaga ytterlegare tre trulege gra­ver like ved. Dette var nyhende som vekte interesse både blant arkeologar, folk i lokalmiljøet og for media både i fylket og nasjonale. Naturleg nok er det kvinna sitt rike gravgods som har fascinert mest. Den einaste resten som vart funne av den døde kroppen, var ei tann. Dei mange hundreåra i bakken had­de ikkje uventa tæra bore skjelettet. Det var heller ikkje stort att av bå­ten kvinna var gravlagt i. Jernnaglar bruke til å halde saman båtborda var enno synlege som rustne fragment. Sjølve treverket var rotna til ei mørk, organisk masse som danna eit av­trykk etter farkosten. Dessverre var dette avtrykket og innhaldet i grava blitt uroa av påverknad i nyare tid, både ved pløying og ved den maski­nelle flateavdekkinga. Maskina had­de skrapa av noko masse tilhøyrande grava. Denne massa var heldigvis ikkje køyrt bort, den aktuelle dun­gen kunne såleis såldast av arkeolo­gar på staden og dette arbeidet fram­skaffa fleire gjenstandar frå gravgod­set. Gravstrukruren var ca. 2,4 meter lang, og ca. 0,85 meter på det breias­te. Den bevarte djupna var berre no­kre fåtals centimeter. Dette var langt grunnare enn for båtgrava med man­nen (omtala lenger bak), men det skulle vise seg at kvinnegrava var den klart funnrikaste av dei to.

I ein annan artikkel i denne utgåva av Frå haug ok heidni skriv konser­vator Hege Hollund ved AmS nær­mare om sider ved det møysamelege arbeidet som er gjort i samband med gjenstandar frå Frøyland etter at dei kom inn til museet. Det er viktig å understreke at arkeologar og kon­serveringspersonale samarbeidar tett om å ta vare på funna og å få mest mogleg informasjon om fortida ut av dei. For arkeologen i felt er det ikkje alltid godt å vite nøyaktig kva han el­ler ho har funne: Eit rusta fragment frå kvinnegrava på Frøyland til dø­mes viste seg etter røntgenfotografe­ring og framreinsing å vere ei belte­spenne av jern med spor etter belegg av edelmetall.

Kvinna hadde mellom anna fått med seg to ovalspenner av bronse og eit antal glasperler. Slike ovalspenner var vakre smykker, men dei tente i til­legg til å halde kvinnedrakta saman: Kvar av dei to skulderselane til drakta var knytt til brystdelen ved hjelp av ei slik spenne. Glasperlene hang nok på eit kjede som gjekk mellom dei to ovalspennene. Fleire av perlene er opprinneleg frå så langt borte som Bysants. Dei var relativt utbreidd, og var i bruk frå tidleg på 800-talet til ein gong ut i andre halvdel av det hun­dreåret. Ovalspennene frå Frøyland har etter alt å døme hatt lause pynte­knoppar festa til seg, dette var ikkje uvanleg for slike spenner. Knoppane kan ha vore av dyrbart materiale som sølv, men dessverre vart ingen slike knoppar funne under utgravinga.

Den likearma bronsespenna er kanskje det flottaste og mest velbevart funnet. Denne draktspenna har ein særprega ornamentikk med dyreho­vud og gripehender. Slike spenner med dyrehovud som vender utover, er sjeldne. Men fleire av dei kjende likearma spennene med slik utfor­ming stammar nettopp frå Rogaland, og dei er frå 800-talet. Det er verdt å merke seg at ei slik spenne vare funne på Jåsund på Sola ved inngangen til 1900-talet. I ein publikasjon av Jan Petersen frå 1916 om undersøkingar av graver på Store-Dal i Skjeberg, finst det omtale og teikning av eit fragment frå eit smykke som liknar svært mykje på den likearma spenna frå Frøyland. Petersen daterer ho til merovingertid/vikingtid. Han kalla spenna karolingisk. Dette omgrepet viser til Karl den store (tysk-romersk keisar 800-814) og den påverknad styret hans hadde på europeisk kunst og kultur. Der er sannsynleg at Frøy­landsspenna var i bruk innan det same tidsrommet.


Den likearma spenna fotografert etter konserveringen. Foto: Terje Tveit


Gjenstand: type og antal

  • Ei likearma spenne av bronse. Merknad: Heile 12 cm lang - så­leis blant dei største kjende av den typen i Noreg. Spor etter forsøl­ving eller forgylling. Restar av mineraliserte tekstilar på begge sider - fleire typar av tekstil. Tekstilane stammar frå drakta til kvinna og er moglegvis eit likklede lagt over ho i grava. Spenna har ornamentikk med dyrehovud og gripehender. Stammar truleg frå andre halvdel av 800-talet.

  • Fragment av to ovalspenner av bronse. Merknad: Spor etter forgylling. Med restar av mineraliserte tekstilar. Truleg variant av Rygh 647 frå 800-talet. y

  • 17 glasperler/fragment av glasper­ler. Merknad: Fire av perlene truleg av den såkalla falske gullfolierte typen. Perler av dette sla­get er importert frå utlandet, mest sannsynleg stammar del opprin­neleg fra Bysants.

  • Ei beltespenne av jern. Merknad:

  • Mogleg spor etter edelmetall som tinn/ sølv/kopar på overflata. Med restar av mineralisert tekstil.

  • Fragment av sigd og jern.

  • Fragment av saks. Merknad: Med restar av mineralisert tekstil og tre frå futeral.

  • Fragment av kniv av jern.

  • To spinnehjul.

  • Fragment av skiferbryne.

  • Eit omfattande antal små naglar/ stiftar av jern og nokre moglege hengsler/beslag av jern - mogleg­vis delar av eit skrin.

  • Båtnaglar av jern.

Funna viser at den døde kom frå ei velståande ætt; fleire av gjenstandane er av høg verdi og nokre av dei er im­portvarer. Kvinna i båtgrava høyrde klart til det øvre sosiale sjiktet i dis­triktet, sannsynlegvis har ho vore husfrue på ein gard her i Frøylands­området. Den andre båtgrava romma truleg ein mannleg slektning - kan­skje ektemannen, broren eller faren?


Glassperler/fragment av glassperler. Foto: Terje Tveit



Mannsgrava: med våpen til helheimen

Om lag 15 meter vest om kvinne­grava blei det påvist nok ei båtgrav. Denne strukturen var i betre stand; ca. 3,9 meter lang, ca. ein meter brei på det meste og opptil 12 centime­ter djup. Den mørke massa av ned­brote organisk materiale hadde enno ei tydeleg båtform, og det vart funne eit omfattande antal båtnaglar. Den bevarte falen frå ein spydspiss indi­kerer at det var ein vaksen mann som vart lagt til kvile her, etter alt å døme i vikingtid. Mannsgraver av denne typen har ved fleire høve vist seg å innehalde delar av hesteskjelett, men det vart ikkje påvist her.


Gjenstand: type og antal

  • Fragment av fal frå spydspiss. Merknad: Med restar av minera­lisert tekstil på innsida, dvs. der skaftet var festa til jernet.

  • Fragment av ein kniv av jern. Merknad: Med restar av minera­lisert tre frå skaftet.

  • Eit heilt bryne av skifer. Merknad: Mørk skifer. Med hakk i eine en­den for feste i snor eller liknande.

  • Båtnaglar av jern.

Barnegravene: to som aldri vaks opp

Mindre enn ti meter sør om manns­grava, var det to rektangulære ned­gravingar som viste seg å vere små gravstrukturar. Den eine var berre ca. 0,8 x 0,6 meter stor, medan den stør­ste av dei hadde eit areal på ca. 1,2 x 0,8 meter. Storleiken på strukturane og funninnhaldet frå dei tyder på at kvar av desse gravene har romma li­ket av eit born eller ein ungdom.

Den minste grava hadde ei fyllmas­se som var bevart i ei djupne på ca. fem centimeter. På overflata var fleire rustne, små naglar/tenar synlege. Det er uavklart om desse har hatt ein praktisk rolle i gravstrukturen - som delar av skrin eller kiste - eller om dei i staden har vore lagt ned som ei symbolsk handling. Den unge avlid­ne hadde fått med seg ein liten sigd, denne er nærmast å rekne som ei mi­niatyrutgåve av dei vaksne sitt rei­skap. Kanskje skal vi forstå den vesle sigden som eit teikn på at den døde kom frå ei god ætt av korndyrkande bønder og som uttrykk for sorg over at bornet ikkje fekk vekse opp til å delta i samfunnet på garden ?

Gjenstand: type og antal

  • Fragment av liten sigd av jern - miniatyrutgåve? Merknad: Med mineralisert tekstil.

  • Tre små naglar/tenar av jern.

Den andre barnegrava framstod etter den innleiande framreinsinga som ei nedgraving dekt av eit kompakt lag med nevestore steinar. Steinlaget vart dokumentert og deretter fjerna. Un­der steinane var det ei ca. fire centi­meter tjukk, mørkebrun organisk masse, dette var sjølve gravfyllet. Det vart raskt klart at grava inneheldt ein sigd av normal storleik og ein del na­glar/ tenar av jern. Sidan sigden var dårleg bevart og skjør, vart han te­ken ut som del av eit større preparat og endeleg framgraven på konserve­ringsavdelinga hos AmS. Konserva­torane sine vidare undersøkingar har vist at den døde i tillegg var utstyrt med ein mindre kniv og ein liten pil­spiss. Moglegvis skal denne pilspissen, som den vesle sigden i den andre barnegrava, forståast som ein sym­bolsk versjon av ein gjenstandstyp frå vaksenverda. Ei undersøking av merovingiske graver frå Kirchheim am Ries i den sørlege delen av Tysk­land viser fleire døme på pilspissar i barnegraver. Merovingartid er perio­den rett før vikingtid, dvs. ca. år 550- 800. Dei døde horna var truleg i al­deren 1-6 år og kan såleis ikkje sjølv aktivt ha brukt pil og boge.

Gjenstand: type og antal

  • Fragment av liten pilspiss av jern med spiss av fal - miniatyrurgåve? Merknad: Med mineralisert tre og tekstil

  • Fragment av stor/vanleg sigd av jern.

  • Fragment av liten kniv av jern. Merknad: Med restar av treskaft og med mineralisert tekstil på tre­verket.

  • Seks små naglar/renar av jern.


Den største barnegrava før fjerning av steinpakning og under utgraving av gravfyllet. Sigd, kniv og pilspiss stammar frå preparat teke ut ved målestokkpinnen på biletet til høgre. Foto: Even Bjørdal


Det er vanskeleg å slå fast kva kjønn dei to unge døde hadde. Skildringa av kvinnegrava viser at eit reiskap som sigd og kniv slett ikkje utelukkande var knytt til det mannlege. Pilspissen er ein gjenstand som kan sjåast i samanheng med tradisjonelt mannsdominerte aktivitetar som jakt og krig, såleis er det mogleg å argu­mentere for at den døde her var ein gut. Men det å inkludere ein slik li­ten pilspiss i gravgodset, kan ha hatt ei rad meiningar i samtida som vi ikkje lenger har kunnskap til å for­stå, det kan difor ikkje utelukkast at den avlidne i røynda var av hokjønn. Ei grav og gjenstandane i ho sende nok ut signal på fleire nivå. Noko var knytt til den nære familien, til dømes foreldra sine gåver til eit bom som hadde gått bort. Men graver var i tillegg ein måte for ætta å fortelje om­verda om velstand og status.

Andre strukturar og funn frå undersøkinga

Denne artikkelen har konsentrert seg om dei viktigaste oppdagingane som vare gjort på Frøyland i perioden desember 2006 - februar 2007. Men i tillegg til toskipa hus og gravfunn vare det påvist fleire kokegroper, bål­restar, stolpehol, groper, bitar av brende bein og spreidde gjenstands­funn. Gjenstandane omfattar kera­mikkskår og fragment og reiskapar av flint. Ein særprega skrapar eller sigd av flint vare funnen ved ein stor stein nokre meter frå det toskipa huset. Han kan ha vore brukt av dei tidlege korndyrkarane her.


Oppsummering

Den arkeologiske undersøkinga på Frøyland i Time kommune har avdekt spor etter fast busetnad og jordbruk ved overgangen mellom steinalder og bronsealder, og påvist at delar av høgdedraget vart brukt som gravplass i vikingtid. Det jordbruket som fekk gjennomslag i perioden med toskipa langhus, var truleg ei viktig kjelde til den velstanden som vi ser uttrykt i dei verdfulle smykkene i kvinnegrava frå fleire tusen år seinare.


Litteraturliste Berge, J. 2007. Undersøking av hustomter frå slutten av yngre steinalder og eldre bronsealder. Kleppe, gnr. 1, bnr. 22, ''Kleppestemmen': Klepp kommune. Oppdragsrapport B, 2007/5, Topografisk arkiv, AmS.

Børsheim, R. 2005. Toskipede hus i neolitikum og eldste bronsealder. I Høgestøl. M. m.B..: Konstruksjonsspor og byggeskikk. Maskinell flateavdekking- metodikk, tolking og forvaltning. AmS Vtzria- 43, Stavanger.

Idsøe, R. 2004. Rapport fra kulturhistorisk synfaring/registrering i Time kommune, gnr. 28, bnr. 1 mfl. For Rogaland fylkeskommune, Regionalutviklingsavdelingen, Kulturseksjonen.

Jørgensen, L. m.B.. 1997. Families at Kirchheim am Ries. Analysis of Merovingian aristocratic and warrior families. I: Nørgård Jør­gensen, A. & B. L. Clausen (ed.): Military aspects of Scandinavian society in a European perspective, AD 1-1300: papers from an inter­national research seminar at the Danish National Museum, Copen­hagen, 2-4 May 1996. Publications from the National Museum: Studies in Archaeology & History Vol. 2, s. 103-106.

Lillehammer, G. og Hemdorff, 0. 2006. Prosjektbeskrivelse. Plan for gjennomføring av utgravingsprosjekt "Stemmen" på Frøyland gnr. 28, bnr. 1 m.fl. i Time kommune. AmS.

Løken, T. 1999. The longhouses ofWestern Norway from the Late Neolithic to the 10th Century AD: representatives of a common Scandinavian building tradition or a local development? I: Schjel­derup, H. & 0. Storsletten (red.): Grindbygde hus i Vest-Norge.

NIKU-seminar om grindbygde hus, Bryggens Museum 23. -25. 03.98. NIKU temahefte 030, Oslo, s. 52-64.

Petersen, J. 1916. Gravplassen fra Store-Dal i Skjeberg. I: Brøgger, A. W (red.): Norske Oldfund, vol. I., Universitetets Oldsakssamling, Kristiania, s. 1-4, s. 25-26, s. 60-65, plansje VIII. Petersen, J. 1928. Vikingetidens smykker, Stavanger Museum, s. 4-93. Rygh, 0. 1885. Norske Oldsager. s. 33-34 i Anden Afdeling, figur 640-664 i Første Afdeling. Faksimileutgåve ved Tapir Forlag, Trondheim 1999.

128 visninger0 kommentarer
 
  • Facebook

©2020 by Vern Kvernaland. Proudly created with Wix.com