• Vern Kvernaland

Påskejakta 2020



I ei tid vi saknar å gå tur med andre, har vi laga ei påskejakt. På den måten kan vi kanskje få nokre felles opplevingar likevel. Dette er også ei god anledning til å bli ekstra kjent med nærmiljøet vårt når situasjonen er slik den er.


Turane er bevist valde slik at folk flest kan hive seg på. Om det blir for langt, kjører du så nært du kan, eller syklar til ein eller fleire postar. Er det for kort, går du frå døra di og kanskje tar du ein ekstra runde. Ein per dag, alle på ein gong, eller kanskje fordele dei i familien? De vel sjølv!


Vi har lagt ut postar seks plassar. På desse plassane vil du finne ein slik laminert lapp merka med «Påskejakta 2020»:


På lappen finn du eit ord som passer berre ein plass i kryssordet. Eit tips er å ta bilete av ordet for å skrive det inn i kryssordet seinare.


Dei seks orda til kryssordet finn du her:

  • «Inngangen» til Trollskogen på rusta port til høgre for skilt.

  • På veg til Rudlå frå Sletteigvegen ved gjerdeklyver før ulent terreng.

  • Kalbergskogen ved Kalbergvegen i nordenden på strømhus på eit tre.

  • Stemmen ved gapahuk og grillplass.

  • Krysset i langløype i Njåskogen inn mot Tegle på Tegleskiltet.

  • Bueskytterbanen på ein gjerdepåle ved inngang til «standplass».


Her er eit kart med postane:


Fyll inn orda i dette kryssordet:

(Løysningsordet er noko alle treng å gje og få, spesielt i denne tida)


Fasiten blir offentleggjort 2. påskedag. Me håpar jungeltelegrafen går, og at mange blir med. Om du ønsker, kan du dela eit eller fleire augeblikk med emneknagg: #påskejakta2020 og #vernkvernaland.


Hugs å ta vare på kvarandre og skap gode minne, sjølv om ikkje påsken 2020 blei slik vi kanskje hadde tenkt. Lykke til og kos dykk!

525 visninger0 kommentarer
 
  • Facebook

©2020 by Vern Kvernaland. Proudly created with Wix.com