• Vern Kvernaland

Sjekk desse svenske avsløringane

Green Mountain og Lyse referer som kjent stadig til datasenteret i Luleå i lovnaden om tusenvis av arbeidsplassar viss Facebook, Google og Amazon etablerer seg på Kvernaland.


Dette skriv den svenske avisa Aftonbladet i fleire artiklar dei siste dagane om nettgigantane sitt inntok i Sverige:


  • I går avslørte Aftonbladet at den svenske staten har gitt 2,5 mill. kroner til kvar tilsett i Luleå. I artikkelen med overskrifta AMAZON HAR BLÅST SVERIGES REGERING viser dei til regjeringas tiggarbrev til Amazone, Facebook og Google for å lokka verdas største foretak til Sverige. Tanken er at det skal koma tusenvis av arbeidsplassar og gjera Sverige til verdas fremste IT-nasjon. "Det är så naivt att kretskorten kortsluts." 140 mill. i statsstøtte for å byggja datasenter for Facebook i Luleå har gitt 56 arbeidsplassar. I tillegg har Facebook fått 97% redusert skatt på el-kraft. Avisa åtvarer kvar regjering og kommunalråd som jublar over dei internasjonale gigantane si etablering i landet om at desse selskapa overhovudet ikkje er interesserte i å overhalda gjeldane rettar for arbeidarane. Tvert imot, dei har musklar til å rydda unna alt som kjem i vegen for deira interesser. Facebook har konsekvent nekta arbeidarane kollektive avtalar, og Amazon er kjent over heile verda for å vera fagforeiningsfientleg. Selskapet har to mål: Kvitta seg med fagforeiningane og monopolisera! "När regeringen räknar på jobben som etableras måste man alltså också räkna med jobben som slås ut. Det lär bli minussiffror."

Aftonbladet Lotta Ilona Häyrynen 19.08.20


  • I dag har avisa eit oppslag med denne overskrifta: AMAZON SKREV MINISTERNS ORD kor dei avslører den tette kontakten mellom regjeringa og nettgiganten tilbake til 2017. Lobbyinnsatsen førte til stort utbytte for giganten: El-skatten vart senka med 97% for Facebook, Google og Amazone. I tillegg fekk Amazone næringsministeren med på ein reklamefilm med tekst skriven av - Amazone!

Aftonbladet John Granlund john.granlund@aftonbladet.se 20.08.20


Denne nettartikkelen handlar om regjeringsmedlemmar som skiftar jobb og får Facebook som arbeidsgjevar etter å ha lagt til rette for etablering.

243 visninger0 kommentarer
 
  • Facebook

©2020 by Vern Kvernaland. Proudly created with Wix.com