top of page
  • Forfatterens bildeVern Kvernaland

Unik tur til Brekkenuten mot Åsland

Oppdatert: 31. mar. 2020

Tekst og foto: Aud Søyland Kristensen


Me som bur på Kvernaland er heldige som har fleire og unike naturområde rett utanfor stovedøra. I nord ligg Kalbergskogen med sine turstiar, mot vest flotte turområde rundt Frøylandsvatnet og til Njåskogen. Mot aust finst store, kuperte område med ein kombinasjon av beitemarker, jordbruksjord, bekker og lundar, lauv- og barskog bunde saman av gamle ferdselsvegar og nyare jordbruksvegar. Det er denne turen me skal ut på her, frå Håholen over mot Åsland.


Til venstre ser me Gamle Frøyland skule i 1954 med Frøylandsgardane og Frøylandsvatnet i bakgrunnen. Til høgre ser me krysset kor Markvegen, Brekkevegen og Frøylandsvegen møtest i dag, like ved der det gamle skulehuset stod. (Flyfoto: Widerøe)


Den gamle skulen

Turen startar der Markvegen, Brekkevegen og Frøylandsvegen kryssar kvarandre. På den nåverande grusbanen ved skogsholtet her, låg det gamle skulehuset for Frøyland krins. I 1887 vart dei to krinsane Kverneland og Åsland slegne saman til Frøyland skulekrins. Skulestova låg då på Skolten på kvernelandsgarden ved den nåverande fabrikken til TKS. Då ny skule vart bygd i 1909, var det viktig å finna ein stad med nokolunde lik avstand til skulen for både elevane frå Njå og elevane frå Åsland. Derfor vart tomta midt i frøylandsmarka ved vegen til Brekkå og Åsland valt. Det var undervisning på den gamle skulen fram til 1959 då nåverande Frøyland skule vart bygd ved hovudvegen i Riset. Sidan folketyngdepunktet då hadde flytta seg nærare Kvernaland fabrikk vart dette teke omsyn til for plasseringa av den nye skulen. Den gamle skulen vart riven i 1975.





Brekkevegen

Brekkevegen fortset herifrå på grusvegen opp mot Brekkå og går over til Åsland. Eit stykke oppover vegen kryssar Brekkevegen Ovebakken som går nedover mot Kluge-garden, og Klugevegen som går oppover mot Fjermestadvegen. Dei to vegane, eller bakkane, med nye namn etter garden og eigaren der, er veleigna for ei god kondisjonsøkt for dei som vil få fart på blodpumpa. Oppi bakken av Klugevegen, til venstre, ligg ei vasskjelda som tidligare forsynte alle frøylandsgardane med vatn. Då var det viktig at alle overhaldt reglane for når dei kunne vaska kleda sine, slik at vatnet skulle koma fram også til dei med leidning lengst borte frå kjelda. Det vert fortalt om ei gardskone som skulle vaska, men som ikkje fekk vatn. «Å, det er vel naboen som har gløymt å skrua av krana» tenkte ho. Og rett fekk ho! Endå i dag (2020) får fleire av bruka på Frøyland vatnet frå denne kjelda.


Kun for mjuke traffikantar


Brekketun

Vidare går me opp mot Brekkå, den eldre garden som ligg ved Fjermestadvegen, og Brekkenuten. Her kjem me rett forbi tunet til Guro og Oddgeir Bjånes, som dei kallar Brekketun. I 2016 etablerte dei seg i nybygd og sjølvbygd hus med familien sin for å skapa seg ei framtid med den overførte bruksretten til farsgarden, som nå er utlagt til boligbygging nede på Frøyland. Me får litt kjensla av å vera i «huset på prærien» her, men det er flott at unge folk satsar og vil starta på nytt med gardsbruk her oppi høgda, sidan hovudgarden forsvann til utbygging.

Brekketun med Brekkenuten til venstre


På Brekkenuten

På toppen av Brekkenuten ser me sør-austover mot Frøylandsfeltet, det vil seie bureisargardane som vart dyrka opp i 1950-åra med tilskot frå staten. Vidare austover mot fjella i Gjesdal og Bjerkreim. Mot sør-vest brettar heile Jæren seg ut. I sør markerer høghuset kor Bryne ligg, mot vest ligg Frøylandsvatnet og blenkjer framfor Klepp-sokna, og mot nord ligg Kalberg med Kalbergsloen rett under. Sandnes og Stavanger i bakgrunnen. Alt rama inn av Nordsjøen der ute. Denne utsikta går ein aldri lei. Og her passar det også godt å ta seg ein pause på steinen som isen på si smeltande vandring så lageleg har lagt til rette på toppen av nuten.

Viss me ser godt etter på sida av den store steinen, finn me, nå nesten skjult, restar etter ein grunnmur. Denne har ei svært spesiell historie: På 1930-talet var det ein mann dei kalla «Galen i Hålet». Ikkje noko sympatisk tilnamn, akkurat. Han var pasient ved Engelsvold psykiatriske klinikk, som jo ligg nedi ei dump på Engelsvold, og dermed kalla Hålet, og i dei tider vart dei psykisk sjuke ofte kalla «galne». Denne mannen, utdanna ingeniør som han var, hadde eit stort mål i livet: Han ville byggja ei festning på Brekkenuten, og på sikt få opp ein kanon. Med den skulle han skyta «dei Klepp», som han tydelegvis ikkje hadde eit godt tilhøve til. Kvar sundag gjekk han frå Engelsvold over Frøyland til Brekkenuten. Viss ungane på garden helsa på han då han gjekk forbi, kunne det henda at dei fekk eit vekeblad som han hadde i ein rull under armen. I børa hadde han også steinar som han henta langs vegen. Dette var bygningsmateriale til festningen. Ferdig vart det eit flott byggverk, rundt ein halvmeter høgt og med 3-4 meter solide vegger som hadde opning mot aust. Som åra gjekk, vart festningen seint, men sikkert nedbroten av all slags bruk. Men dei gamle hugsar godt byggverket som eit vakkert arbeid. Noko kanon kom aldri på plass, så dei Klepp vart skåna.


Utsyn mot Frøylandsvatnet og Klepp frå Brekkenuten

Pannevegen. Skilta er laga av Arild Bolme, ein lokal mann og flittig brukar av turområdet. Det er også han som har sett namn på Trollskogen som me kjem til i enden av denne vegen.


Panneverket

Restar av teglstein etter pannefrakt for ca 150 år sidan

Der er fleire spor etter hus og bygningar kor folk har budd i dette området og nedover mot myra. Gråamyrå heiter ho, og har fått fint skilt i krysset ved Pannevegen. Pannevegen vart laga for å frakta teglpanner frå teglverket, eller panneverket, på Lindland ned til Frøylandsvatnet, kor pannene vart frakta med båt til Klepp. Produksjonen starta opp i 1836 og varte til 1889. Då makta dei ikkje lenger konkurransen frå teglverksindustrien i Sandnes, som hadde mykje betre kommunikasjon med både sjø og jernbane (Jærbanen opna i 1878)


Pannene frå Lindland var av svært god kvalitet på grunn av høgt kalkinnhald i leira, noko som hindra tilgroing av mose. Arne Garborg framhevar også pannene frå Lindland som særs gode. Leira er maritim, som betyr at sjøen i si tid låg heilt opp hit i perioden før landet heva seg etter istida Dette vert rekna som det første industritiltaket i Time. Då Figgjo fajanse vart gunnlagd i 1941 var det ikkje råd å importera leire grunna krigen. Difor henta dei leire frå Linland og laga keramikk. Dette heldt dei fram med til om lag 1947 då dei kunne importera leire og laga fajanse. Etter det har det ikkje vorte henta ut leire på Linland.

Panneverket hadde behov for arbeidskraft, og i denne tida, frå 1836, vart det etablert fem husmannsplassar som låg under Lindland. Med plassen fylgde litt jord til ein åkerflekk og slått til ei ku eller to. Slik kunne familien livnæra seg i tillegg til at far arbeidde på panneverket. Arbeidestida strekte seg til så lenge der var lyst. Løna var dagpengar rekna etter akkord, i 1877 fekk dei kring 1 krone pr tusen teglsteinar.

Mosegrodde steingardar etter tidligare grenser mellom teigar finn me inne i nåverande Trollskogen.


Nedover Pannevegen går me inn i den magiske Trollskogen. Ungar skal ikkje ha mykje fantasi for å førestilla seg at her kan det gøyma seg både tussar og troll. Trea her vart planta i 1966/67, ein periode kor mange felt vart tilplanta med grantre på Jæren. Her ser me også mosegrodde steingardar som var skilje mellom dei ulike eigedomane som tilhøyrde gardane på Frøyland. Desse grensene gjeld ikkje i dag då der har vore store skifte og byte bøndene imellom. Men fine er dei, desse mosekledde steingardane.


Graudhodl

Ein av husmannsplassane som vart etablert samtidig med panneverket ca 1836, heiter Grauthodl. Her budde dei siste husmennene, dvs dei to systre Tabitha og Martha, fram til 1923. Grunnmuren til fjøset står framleis, kor dei nok kanskje hadde ei ku eller to. Denne plassen ligg i skiftet med Frøyland og høyrde ikkje eine til Åslands-garden. Tabitha var yngst og gjekk på hardt utearbeid. Det seiest at ho var så sterk som ein mann. Martha var heime og dreiv med husflidarbeid. Likevel var det nok ikkje feite tider for desse to. Det vert fortalt at dei vart henta og frakta til Bryneheimen, som då var nyopna, kor dei vart vaska og stelte. Men det tolte dei ikkje, og døydde straks etterpå. Plassen har fått namnet sitt etter at folk på Frøyland gjekk med graut til dei to systrene.

Grunnmuren etter fjøset på Grauthodl. Tufta ligg fint til i sørhellinga bak haugen til høgre før grinda til Lindland. Klyv du over gjerdeklyvaren der, finn du ein nydeleg plass for tenking og kontemplasjon. Steinen i framgrunnen er ein fin tenkestein å sitja på. Her er som regel heilt stille bortsett frå lauvsongarane som syng i lauvtrea mot nord, og få folk som passerer her. Men går du markavegen me skimtar til høgre på biletet, kjem du opp på Fjermestadvegen på toppen av Frøylandsfeltet.


Jenteskulen på Lindland

Siste etappe på denne turen går gjennom grinda mot garden Lindland, kor Sven Åsland bur. Han er eit oppkome av lokalhistorie og kunnskap om det meste. Å få med han som turvenn er gildt! Lindland har utmerka seg historisk ikkje berre med panneverket, men også med jenteskulen, ein husmorskule som utdanna mange, mange unge jenter i godt husarbeid. Mange unge menn gjorde nok sine «hoser grønne» her, dei visste at dette var beste plassen til å finna seg eit durabelt godt koneemne på.

Jenteskulen vart starta av Stoffer og Marta Maria Åsland (mor Åsland) i 1883. Der var 12 elevar, tre-fire tenestefolk, folgefolk og to lærarar. Familien sjølv var på 10-12 personar. Marta Maria fødte i alt 14 barn! Ein reknar med at 30-40 personar skulle mettast kvar dag, så dette var ikkje akkurat latmannsliv.

Stoffer stod for den teoretiske delen av undervisninga, mens Marta Maria tok seg av internatet og den praktiske hushaldningsundervisninga. Pensum famna det meste ei gardskone måtte kunne: i fjøset, på kjøkkenet, i vevstova, i systova, i strykesalen eller ute på gardsarbeid. Dei lærte å baka brød, potetkake og flatbrød, å kinna, ysta, stella slakt og stappa pølser – alt var det «mor Åsland» som lærte dei. Kristoffer, sonen, som tok over då faren døydde, lærte dei å spa, gjødsla, planta, vatna og luka. Stoffer døydde i 1888, men mor Åsland dreiv vidare med sonen. I 1922 vart jenteskulen på Lindland lagt ned.

Den gamle grinda i léet mot garden Lindland, kor Jenteskulen og panneverket låg nedi lia kor garden til Sven ligg nå. Der er ennå søkk i jorda etter uttak av leire der nede.


Turen kan fortsetja, viss du vil, gjennom garden til Sven, kryssa hovudvegen til Figgjo og så kan du gå opp mot Stutafjellet, eller «Stuten» som det heiter lokalt (etter ein stein som ser ut som ein stut) og Fagrafjell, kor NVE nå held på å byggja ein enorm trafostasjon. Men her i høgda vest for Åslandsnuten og over grensa til Sandnes mot Bråstein er det også eit flott og spennande turområde med både historiske, kulturelle og geologiske spor etter tidligare tider. I tillegg får du eit mektig utsyn både over Jæren og det spesielle og bølgande landskapet mot Fjermestad.

God tur!


Jenteskulen på Lindland ca 1893. Her sit Marta Maria framme til venstre saman med deler av familien. Elevane står noko blygt i bakgrunnen, slik det var vanleg ved fotografering i dei tider. I bakgrunnen ser me jentehuset, panneverket med tørkehus, våningshuet og løa.


Kjelder:

2 356 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2 Post
bottom of page