Tekst: Guro Bjånes og Kirsten Kverneland
Frøylandsfeltet er ein del av eit fantastisk jordbruks-, natur-, og friluftsområde. Det opne landskapet gjer at me får kjensla av å vera langt vekke frå folk og kvardagsliv sjølv om me er i gåavstand frå byggefeltet. Her kan me oppleva stillheita ved å berre høyre naturens lydar - vipe, spove, gauk og også bjøllene på sauene. Her kan me gå ein langtur med ungane, med barnevogna, med hunden eller heilt aleine. Turen er nesten 9 km tur/retur og tar ca. 2,5 timar inkludert nistepause.

Grøn stiplet linje markerer turforslaget. Turen starter ved TKS der det går å parkere bilen, men for de fleste er det like greit å gå fra hjemmet.Grøn stiplet linje markerer turforslaget. Turen starter ved TKS der det går å parkere bilen, men for de fleste er det like greit å gå fra hjemmet.
For dei fleste kan turen starta frå heimen på Kvernaland, men det er også mogleg å parkera bilen ved TKS. Frå TKS går turen på asfaltert veg på sørsida av fabrikken og videre forbi garden før vegen svingar mot høgre og forbi eit kyllinghus (som me får på venstre side). Det står enkelte skilt som viser veg under vegs. Vel passert kyllinghuset begynner stigninga nokså umiddelbart. Det er godt å tenke på at den verste stigningen er her i starten på stien.

Det flotte eiketreet ved Kverneland. Foto: Maren Homnes Oddane
Turen er godt egna for å trille barnevogn. For mange kan ein slik langtur medan ungen søv i vogna gjere underverker for både psykisk og fysisk helse. Det å kunne gå, få komme seg ut i naturen, kjenne lufta i ansiktet og berre høyre naturens lyder; det gjer godt.

Tungt, men herleg. Foto: Maren Homnes Oddane
Når du kjem eit godt stykke innover får du eit flott utsyn over dette særprega landskapet. I det fjerne ser du Jærkysten og Flat-Jæren, du ser Frøylandsvatnet, bygda og rundt deg eit fantastisk mosaikkprega kulturlandskap beståande av gjødsla beite, dyrka mark, store myrsystem og den trua naturtypen naturbeitemark. Denne mosaikken av naturtyper gir området eit rikt dyre- og fugleliv. Her er fortsatt dei utrydningstruga fuglane vipe, storspove, sanglerke og gauken vanlege. Her kan du sitje på ein varm stein å høyre på ein symfoni av ekte jærske lyder. Er du heldig får du også sjå haren. Haren på Jæren er ein eigen variant som blir kalla jærhare og den kjenneteiknast ved at den ikkje blir kvit på vinterstid. Dette er ei tilpassing til dei snøfattige vintrane me har her.

Når du kjem eit godt stykke innover får du et fantastisk utsyn over dette særprega landskapet. Foto: Maren Homnes Oddane

Vipa trivast i det mosaikkprega opne kulturlandskapet. Foto: Grete Jonsson

Jærharen får ikkje kvit vinterpels slik haren gjer ellers i landet, men får istadenfor ein blågrå vinterkåpe. Detter er ein tilpassing til dei snøfattige vintrane me har. Foto: Harald Lygren
Myrene er eit flott syn på forsommaren når myrullen farger store områder kvite. Då er det lett å forstå kor namnet Kvitemyr kjem frå. I desse myrane veks også den bitte litle orkideen myggblom. Dette er Norges minste orkide og du skal verkeleg ha hellet med deg om du klarer oppdage den mellom den høgare vegetasjonen.

Tidleg sommar står myrene kvite av duskull (myrull). Foto: Maren Homnes Oddane

Prosteinen, Kvernalands styrste stein. Foto: Marne Homnes Oddane
Ikkje så langt frå stien ligg det ein svær stein. Dette er Kvernalands største stein og heiter Prosteinen. Den er ein grensestein mellom gnr. 27 Kverneland og gnr. 24 Njå. Prosteinenen er det ein kallar ei flyttblokk. Flyttblokk er ein stein som har blitt lagt igjen av ein isbre etter at breen har trukke seg tilbake. Opprinneleg har flyttblokka frose inn i isbreen og så blitt transportert av garde ettersom isbreen har bevegt seg. Blokkene kan ha blitt transportert over lange avstandar, slik at ei flyttblokk derfor kan vere av ein anna bergart enn grunnen den ligg på. Prosteinen er veldig rund i kantane, noko som tydar på at den har ligge lenge i breen og blitt pussa og slipt når den har blitt skurt mot fjellet som breen har rørt seg over.

Ved ruinane av eit gammalt sommarfjos er det ein perfekt plass til å nyte nistepakken å ta ein pause. Foto: Maren Homnes Oddane
Ved Klakkeberget finn du ruinane av eit gammalt sommarfjos. Dette er ein perfekt plass til å ta seg ein nistepause. Her finn du livd for vinden og her har du ein flott utsikt. Då sommarfjoset var i bruk, samla dei kyrne der om kvelden og melka dei. Nokre jenter eller drenger gjekk inn om morgonen igjen og melka, slapp kyrne ut og bar mjølka heim til gards i bøtter ved hjelp av åk. Slik dreiv dei for å nytta beiteressursen.
Den indre ruinen er ei torvløe. Like ved sida av den ligg torvmyra der dei skar torv. Torva blei bore inn i torvløa og lagd til tørk. Så køyrde dei torva heim att når det vart vinter og fyrde i heimehuset.
Enden på turen, eller eigentleg halvegspunktet, er Ulvatjørna. Her finn du sittebenker som du kan nytta om du har lyst på ein liten pause. Stemmen i Ulvatjørna vart laga for å regulera og spara på vatnet i tjørna som vart brukt til turbinkraft i smia til Trygve Kverneland, i dag TKS.
Heilt til slutt; ei påminning om å lukka att grinder og halda hunder i band. Her beiter det husdyr og her er det mange ville dyr og fugler som lever og bur.
God tur!
Comments