top of page
  • Forfatterens bildeJan Tore Skogen

Vern Kvernalands uttale til dispensasjonssøknad fra Green Mountain

Høyring - Dispensasjonssøknad frå Green Mountain som søker om å få bygga datasenter Green Mountain har søkt Time kommune om å få starte med byggetrinn 1 og bygge det første datalagringssenteret på Kalberg, på eigedommane Gnr. 30 Bnr. 1, som er del av NK1 i kommuneplanen for Time kommune 2018-2030. Dei søkar dispensasjon frå kravet i kommuneplanen at det skal utarbeidast ein områdeplan for områda Orstad nord, Kalberg, Frøyland og Kvernaland, ref. plan 0548.00 Green Mountain har i tillegg også søkt om å få dispensasjon frå fleire av rekkjefølgjekrava som er i kommuneplanen for å kunne starta første byggetrinn nå. Dei ynskjar at Time kommune skal sjå vekk frå kommuneplanen og fleire av rekkjefølgjekrava som kommunen krevjer før ein kan starta bygging av det første datalagringssenteret, av i alt 8 planlagte datalagringssenter, på Kalberg.


Medverknad og lokaldemokrati

Visar til Plan-og bygningslova §17-2 andre ledd «Kommunen skal legge til rette for medvirkning av berørte grupper og interesser». Kommunen si viktigaste oppgave er å ivareta sine innbyggarar. Innbyggarane må få informasjon om store, inngripande tiltak som påverkar lokalsamfunnet og bygda dei bur i. Og ikkje minst, innbyggarane må få anledning til å koma med innspel. I dette konkrete tilfellet har det vore svært vanskeleg å få tilgang til dokumenter som omhandler dispensasjonssøknaden – sjøl etter direkte kontakt med kommunen. Etter vår førespurnad vart det etterkvart lagt ut informasjon på kommunen si heimeside, men det er ikkje opplyst om at innbyggarane kan sende inn uttale. Dette er ikkje i tråd med det som søkjar (GM) eller ordfører Vollsund har hevda i media og under debatten på Mellombels 18.oktober, at saka skulle ut på høyring og alle demokratiske prosesser var sikra. Vern Kvernaland har også fått opplyst at søknaden om dispensasjon førebels ikkje er ei plansak, men ei byggesak. Difor er det ikkje same krav til offentleg høyringsrunde, men tilfredsstillande med nabovarsel. Vi oppfatter slik arbeidsmetode som ein måte å omgå demokratiske prinsipp. Saksgangen frå Time kommune svekkar vår tillit til administrasjonen, og den undergraver lokaldemokratiet. Vern Kvernaland har sendt inn svar ved alle høyringsrunder som omhandler Time kommune sine planer om å tilrettelegge for kraftkrevande verksemder, og meiner difor at vi er høyringsinstans. Sidan vi har interesse i saka og anser oss som part i denne, vil Vern Kvernaland koma med følgjande kommentarar til dispensasjonssøknaden frå Teknaconsult på vegne av Green Mountain.


Plan- og bygningslova

I Plan- og bygningslova §19-2 andre ledd står det at det ikkje kan «dispenseres fra saksbehandlingsregler», dette gjeld både for plansaker og byggesaker. Krav om konsekvensutgreiing, KU, er også ein del av saksbehandlingsreglane. Dette gjer at Time kommune ikkje har høve til å gi dispensasjon frå plankrav der konsekvensutgreiing inngår. Kommunen kan heller ikkje gi dispensasjon frå plankrav i §12-1 tredje ledd for gjennomføring av større bygge- og anleggstiltak. Time kommune har heller ikkje høve til å gi dispensasjon frå reglane i plan- og byggingsloven kapittel 17 som omtalar utbyggingsavtalar. Jamfør §17-4 «Kommunen kan ikke inngå bindende utbyggingsavtale om et område før arealplanen for området er vedtatt». Søkar Green Mountain prøvar å unngå plan -og lovverket, og hevdar at dei skal bygge ut maksimum eit bruksareal på 14959m2. Utgreiingsplikta vert først utløyst ved utbygging av bruksareal på 15000m2. Vern Kvernaland meinar det er ei mangelfull opplysning, fordi dette bare er første byggetrinn med bygging av det første datalagringssentet. Det vil koma fleire byggetrinn og i alt 8 datalagringssenter på Kalberg med eit bruksareal på minst 120000m2. Derfor kan ikkje Time kommune sjå vekk frå den lovpålagde utgreiingsplikta kommunen har.


Konsekvensar

Plan-og bygningslova §19-2 tredje ledd: «Ved dispensasjon fra loven og forskriften til loven skal det legges særleg vekt på dispensasjonens konsekvensar for helse, miljø, jordvern, sikkerhet og tilgjengelighet.» Vern Kvernaland påstår at desse konsekvensane har ikkje vorte tilstrekkeleg kartlagt i denne dispensasjonssøknaden.


Jordvern

Stortinget meinar at kommunane sin dispensasjonspraksis må strammast inn når det gjeld jordvern. Derfor har jordvern vorte føyd til i §19-2 tredje ledd ved endringslov 28. april 2017 nr. 20. Bakgrunnen for dette er at lovgivar vil synlegjera at jordvern er av stor verdi. Kommuneplanen §1.8 om jordlovsbehandling står det at: «For framtidige utbyggingsområde som skal byggast ut, jf. §5.3 «Rekkefølgekrav» gjeld framleis § §9 og 12 i jordlova til endeleg vedtak av reguleringsplan for området». Green Moutain søker dispensasjon frå kommuneplanen §1.8 om jordlovsbehandling og dispensasjon frå Jordlova §9 og §12. Time kommune meiner at dei kan gi desse dispensasjonane, fordi dette området skal brukast til bebyggelse. Vern Kvernaland er sterkt ueinig i at så lenge arealet er avsatt til bebyggelse så er det ikkje nødvendig med jordlovsbehanding. Det er feil å kalle dette bebyggelse, dette er industriutbygging i stor skala med 8 store datasenterbygg som er 26 m høge og dekker 8 mål kvar på eit område med 226 mål med matjord. Vern Kvernaland ser heller ikkje at det kjem klart fram korleis Green Mountain planleggjar å ta vare på overflatejord og håndtering av masse.


Ny fylkesveg 505, omkjøringsvegen

Eit anna rekkefølgjekrav i kommuneplanen er at ny FV 505, omkjøringsvegen, må vera etablert før det kan gis løyve til industriutbygging. Vidare står det i kommuneplanen at midlertidige vegløsningar vil verta avklart i områdeplanen. Før utbygging av næringsområdene skulle utbyggarne også vera enige om finansiering av denne omkjøringsvegen. Green Mountain søkar dispensasjon frå kommuneplan §21 og §5.3.1 rekkjefølgjekrava som gjeld omkjøringsvegen at utbygging ikkje skal finna stad før rekkjefølgjekravet er oppfylt. Dette grunngjer søkar med at det er utfordringar knytta til omkjøringsvegen. Vern Kvernaland meinar at dette er ikkje ein tilstrekkeleg grunn til at at Time kommune skal sjå vekk frå desse rekkjefølgjekrava. Green Mountain har heller ikkje utført ein trafikkanalyse. Vern Kvernaland meinar at denne utbygging som Green Mountain ynskjer vil medføre svært stor auka i trafikken på det gamle vegnettet på fylkesveg 505, Kvernelandsvegen og på fylkesveg 4424, O.G Kvernelandsvegen og Åslandsvegen på Kvernaland. Det vil mange verta mange fleire personbilar og mykje meir tungtransport på eit vegnett som allereie er overbelasta i dag. På grunn av dette kan derfor ikkje Time kommune godkjenne denne dispensasjonssøknaden. (rapport : «Trafikkvurderinger Omkjøringsveg Orstad – Kverneland» , Asplan Viak 2022)


Konfliktfylte forhold

Statsforvalteren i Innlandet fylke hevdar at dersom ein dispensasjonssøknad gjeld konfliktfylte forhold, eller det er klart at tiltaket ikkje ville ha vorte lagt inn i den opprinnelege planen, skal ikkje løyve verta gitt ved dispensasjon. Denne dispensasjonssøknaden frå Green Moutain kan derfor ikkje verta godkjent, ref. dispensasjonsrundskriv 2020, Statsforvalteren Innlandet fylke. Vidare står det i dette rundskrivet «Ut fra hensynet til offentlighet, samråd og medvirkning i prosessen er det viktig at endringer av betydning i planer ikke skjer ved dispensasjon, men behandles etter de regler som er fastlagt i lovens kapitler om kommuneplaner og reguleringsplaner». Det er på denne måten ein sikrar god medverknad i ein kommune.


Konklusjon

Vern Kvernaland hevdar at vilkåra for å innvilga denne dispensasjonssøknaden frå Teknaconsult på vegne av Green Mountain ikkje er oppfylt. Time kommune kan ikkje godkjenna denne dispensasjonssøknaden frå Green Mountian og kan derfor ikkje vedta oppstart av byggetrinn 1 og bygging av det første datalagringssenter nå. Vern Kvernaland meinar at Plan- og bygningslova må følgjast. Det må utarbeidast ein områdeplan for områda Orstad nord, Kalberg, Frøyland og Kvernaland, ref. plan 0548.00 og rekkjefølgjekrava som er lagt inn i kommuneplanen må følgjast.

319 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page