Green Mountain søker om å få kuppa dei demokratiske planprosessane i Time kommune for å få bygga eit gigantisk datasenter for ein hemmeleg aktør ved Kvernaland, før alle konsekvensane er lagt på bordet.
Får Green Mountain dispensasjonen dei forventar vil dei støvsuga regionen for straum. Dei vil bruka minst 250 MW, som er like mykje som forbruket i Stavanger. Dette vil føra til at det ikkje er tilgjengeleg straum til oppgraderingar eller nyetableringar i regionen, og at straumprisen i NO2 vil auka. Datasenteret vil dessutan legga 257 dekar fulldyrka matjord under asfalt og betong, og dermed redusera norsk matproduksjon og sjølvforsyning endå meir.
Bli med oss og vis motstanden din mot dette kuppet! Sett signaturen din her!
Comments