top of page
  • Forfatterens bildeVern Kvernaland

Vern bygda, vern naturen, vern matjorda

Oppdatert: 28. apr. 2021

Mange av oss som bur på Kvernaland, bur her på grunn av den fantastiske naturen. Å kunna bu så sentralt, men likevel så fritt er heilt unikt. Her har me mark, fjell, skog, myr og vatn på alle kantar. Utanfor døra vår kan me både legga ut på korte og lange turar, og me kan nyta både stillheit og utsikt i ein travel kvardag.


Nå er det planar om å bygga svære datalagringshallar rundt heile Kvernaland. Me snakkar om cirka 2000 dekar eller 2.000.000 kvadratmeter. Sjekk dette kartet:

Alle desse områda, som er merka med raudt, er nå under eit stort press. Dette er område med store verdiar. Store område med dyrka mark vil gå tapt. Det er også svært øydeleggande både for naturen og for friluftslivet når store samanhengande område med natur blir øydelagt.


For å hjelpa til med å forstå konsekvensane av ei slik utbygging, vil me fortella litt om dei ulike områda som kan nedbygde og dei store verdiane i desse:


Frøylandsfeltet

Frøylandsfeltet er det største av områda på Kvernaland som kan bli bygd ned av datasenter. Dette området er like stort som halve bygda, ligg kun 250 meter frå boligfeltet på Håholen, og strekk seg opp mot Mosvatnet.




Frøylandsfeltet er eit kjempestort ope område med dyrka mark, gjødsla beite, naturbeitemark, beitemyr og kystlynghei. Fleire av desse naturtypane er raudlista. Miljødepartementet har faktisk føreslått å verna store delar av området. Det viser kor verdifullt Frøylandsfeltet er.


(Foto: Bjørn Lende)

Frøylandsfeltet er også ein del av eit fantastisk friluftsområde. Det opne landskapet gjer at me får kjensla av å vera langt vekke frå folk og kvardagsliv sjølv om me er i gåavstand frå byggefeltet. Her kan du gå på tur til Mosvatnet for å bada, fiska eller padla i kano. Du kan også ta ein kort tur til Håfjell for å eta niste eller ta ein kveldstur til Rudlå eller Klakkesteinen. Her startar også fine sundagsturar til turmål som Prekestolen og Ulvatjørn. Frøylandsfeltet byr også på spanande terreng for å jakta på hjort, rådyr, hare, rugde og due. Å bygga datasenter med kontinuerleg støy frå vifter i dette området, vil øydelegga landskapet og opplevinga av å ta ein pause frå kvardagslivet. Området som friluftsområde vil bli sterkt redusert.


(Foto: Jostein Skretting)

Samansettinga av det varierte jordbrukslandskapet på Frøylandsfeltet er også ein viktig faktor for fuglelivet. Svært mange av fugleartene som lever i jordbruksområde, er i dag havna på raudlista. På Frøylandsfeltet held fleire av artane fortsatt stand. Her hekkar vipe, storspove, gjøk og sanglerke, som alle er raudlista. Enkeltbekkasinen, som på Jæren blir kalla for mekregauk, er ein gjengangar på Frøylandsfeltet. Denne fuglen har forsvunne frå lågjæren, men på hausten rastar store mengder enkeltbekkasinar i dette feltet.

I den planta barskogen ved Mosvatnet hekkar fleire raudlisteartar som dei fargerike torniriskene og gulsporvane. Skogen gir også skjul for rådyr og jærhare.




(Foto: Harald Lygren)



Myggblom (Foto: Mathilde Norby Lorentzen)

Myra er rasteplass for fuglar og levestaden til mange plantar og dyr. Myra dempar flaum, reinsar vatn og lagrar karbon. I myrsystemet på Frøylandsfeltet er den bittelitle orkideen myggblom funne. Dessverre er også denne trua og oppført på raudlista.


På Frøylandsfeltet blir det dessutan produsert mat på den beste måten. Den dyrka marka produserer gras til vinterfôr og beitemarkane produserer gras og urter som gir mat til dyra våre, sommer og haust. Dyra får då ein lang sesong ute på beite, noko som gir god dyrevelferd, sunne dyr, lite bruk av antibiotika og rein god mat til oss. Det er berre her i det vintermilde kystklimaet dette lar seg gjera. Visste du at den gjødsla beitemarka produserer like mykje gras som dyrka mark gjer elles i landet per arealeining? Norge har eit stort areal, men det er berre ein liten del av dette som er egna til å dyrka mat. Denne gode matjorda på Kvernaland må me ta vare på som ein skatt.

(Foto: Bjørn Lende)

Landskapet i Frøylandsfeltet er med andre ord fantastisk. Det er viktig for matproduksjon, for dyrevelferd og rein mat, for nærmiljø, for å ta vare på historia og for biologisk mangfald.


Kalbergskogen

Cirka halve Kalbergskogen forsvinn om Time seier ja til datasenter. Den flotte skogen vår, som betyr så mykje for så mange, vil både bli betydeleg mindre- og mista mykje verdi omringa av industri. I tillegg planlegg kommunen å bygga bustadar i ein del av skogen.




Dette skjer knappe to år etter at gruppa «Leve Kalbergskogen» samla 1780 underskrifter for varig vern av skogen. I tillegg skreiv då både idrettsgrupper, vellag, speideren, barnehagar og lærarar støtteerklæringar til skogen. For to år sidan var det ei stor bustad-utbygging som truga skogen. Nå er det datasenter og kraftkrevande industri som vil inn her.


Fylkesmannen råda kommunen til å ta vare på Kalbergskogen på grunn av natur- og friluftsinteresser. Det same gjorde kommuneoverlegen i Time, som skreiv at Kalbergskogen er eit unikt område som gir tilgang på friareal som ikkje ber preg av parkanlegg og asfalterte stiar.

Kalbergskogen er ein del av regionalt verdsette område for friluftsliv, og er verdifull på så mange måtar. Kalbergskogen bind saman to kommunar og to bygder. Skogen har eit stort nettverk av stiar, og er eit knutepunkt for enormt mange flotte turar. Ved å ta turen gjennom skogen, kan du gå på stiar og grusvegar frå Frøyland og Orstad og heilt til Sandskallen, Stutafjell, Åslandsnuten, Ålgårdsbanen og Bogafjell.


Skogen er ein leikeplass for ungane, ein passande stad for den daglege lufteturen, ein treningsarena for både skiløparar, friidrettsutøvarar, terrengsyklistar og orienteringsløparar. Det er også ein trygg skjulestad og heimplass for både fuglar og dyr. I trea held ekorna til, og du kjenner deg alltid like heldig når du ser det litle dyret med den store bustete halen. Rådyr og jærhare brukar skogen som skjul på dagtid, og flyttar seg ut på jorda rundt skogen for å beita om natta eller i morgontimane.


Skogen er også ein viktig hekkeplass for ei rekke fugleartar som svarttrost, måltrost, gråtrost, rødvingetrost, ringdue, rødstrupe og mange fleire.

Om våren kan du høyra eit stort sangkor når fuglane forsvarar territoria sine. Sommaren byr på blåbærtur i nabolaget. Hausten er tida for skattejakt etter traktkantarell, kantarell og furumatriske, som er gode i steikepanna. Soloppgang med morgonfrost og istappar i Kalbergskogen er fine lysglimt i ein mørk vinter.


Nordre Kalberg og Orstad

Det aktuelle området på Nordre Kalberg og Orstad består i all hovudsak av dyrka mark. I tillegg har området verdiar både for vanlege fuglar og dyr, og for raudlista artar som lever i stort og ope landskap med gras.


Her hekkar både vipe og storspove som begge er på raudlista. Vipa, som prydar Time sitt kommunevåpen, har hatt så stor tilbakegang at den er oppført som sterk trua. Men Nordre Kalberg og Orstad er ein av stadane vipa framleis held stand.

Vipe (Foto: Harald Lygren)

Også hare er på raudlista, og på Jæren har me ein eigen variant som ikkje blir kvit på vinteren. Denne jærharen trivst også på Nordre Kalberg og Orstad. Her finn han skjul i Kalbergskogen og mat på den dyrka marka. Det same gjer rådyr, som det finst mange av i dette området.


(Foto: Harald Lygren)


Kalberg og Frøyland er truleg blandt dei eldste jordbruksmarkene i landet. Det er funne korn som er datert til å vera så gamalt som 4000 år under arkeologiske utgravingar på Frøyland. Me må verna om historia vår. Det ligg verdifulle kulturminne både innanfor og utanfor planområdet. På Nordre Kalberg finn me gamle rydningsrøyser som fortel oss at det har blitt rydda jordbruksmark i lang tid. Me finn også eit gravminne. Områda rundt Nordre Kalberg har store forekomstar av fornminne, og nokre felt er av nasjonal og internasjonal verdi. Ei utbygging vil ikkje øydelegga så mange fornminne direkte, men vil øydelegga forståinga og opplevinga av historia som området gir. Det er sjeldan at eit så stort kulturlandskap er bevart samanhengande.


Søra Kalberg

Her finst det store verdiar som vil bli øydelagde ved ei utbygging. Omkransa av toppane Stutafjell og Hesthei, ligg Søra Kalberg i eit av dei flottaste turområda på Kvernaland. Via dette området kan du vandra frå Brekkenuten til Sandskallen, Ålgårdsbanen og Åslandsnuten. Søra Kalberg er også ein fin plass for å springa orientering.



Konsekvensutgreiinga, som kommunen bestilte, slår fast at området har stor verdi for friluftsliv. Landskapet er nydeleg og utsikta er fantastisk.

  • Her kan me stå på toppen og sjå kor me bur.

  • Her kan me sjå fargespelet i himmelen når sola går ned over Frøylandsvatnet.

  • Her kan me trekka pusten.

  • Her kan me høyra lydane frå naturen.


(Foto: Øystein Nereng)

Søra Kalberg består av ulike kulturmarkstyper som dyrka mark, innmarksbeite og kystlynghei. Kystlynghei er ein så trua naturtype at den har hamna på raudlista for naturtypar i kategoriene sterkt trua. Dessverre er kystlyngheia på Søra-Kalberg i ferd med å gro igjen på grunn av lite dyr som beitar, men verdien er ennå intakt. Kystlynghei representerer ein viktig del av kulturhistoria vår, og er ein viktig ressurs for produksjon av kjøtt og honning. I og med at røsslyngen er vintergrønn, har den same næringsverdi året rundt. Kystlynghei er derfor ein viktig beiteplass om hausten og vinteren.

(Foto: Tor Ingve Frøyland)

(Foto: Harald Lygren)


Søra Kalberg byr også på eit spanande dyreliv. Her lever både rådyr, hare og rev. Området er også ein viktig hekkeplass for heipiplerke. Der det er heipiplerke, finn me også gauken. Gauken legg nemleg egga sine i heipiplerkene sine reir, og overlet alt foreldreansvaret til dei. Gauken er også i tilbakegang, og er nå oppført på raudlista. Ein annan trua art som har sitt leveområde på Søra Kalberg, er den kjempestore grashoppa vortebitaren. Det blir sagt at vortebitaren blei brukt til å bita av vorter i gamledagar.


Vortebiter (Foto: Maren Homnes Oddane)

På den dyrka marka og det gjødsla beite på Søra Kalberg, hekkar den nå sterkt trua vipa. Dersom vipa sine trygge plassar forsvinn bit for bit, vil det kjæraste vårteiknet me har her på Jæren, vera historie.


Foto: Tor Ingve Frøyland
Plaområdet begynner ca der det ikkje er skugge. (Foto: Tor Invge Frøyland)

Frøylandsbekken

Alle dei nemnte områda omkransar også den viktige Frøylandsbekken, som renn gjennom sentrum av Kvernaland forbi idrettsanlegget og ut i Frøylandsvatnet. Denne bekken er så viktig at me vil gi deg eit lite djupdykk i denne også.

Den frodige vegetasjonen langs delar av Frøylandsbekken er svært viktig for å oppretthalda det rike dyrelivet. (Foto: Harald Lygren)

Har du høyrt ordtaket mange bekkar små gjer ei stor å?


Slik er det også for Frøylandsbekken, eller Ånå som mange seier. Det er mange småbekkar som møtest og blir til Frøylandsbekken. Ein bekk har kjelda nesten ved Lyefjell og renn via Mosvatnet, ein startar ved Fjermestadvatnet/Øygardsvatnet og ein annan startar ved Nordre Kalberg.


Nedbørsfeltet til Frøylandsbekken er markert med blått. Dei planlagte industriområda er markerte med raudt.

Bekken er registrert som ein viktig naturtype, og har ein svært viktig funksjon som vandringskorridor for både dyr og insekt. Frøylandsbekken er den viktigaste gytebekken for auren i Frøylandsvatnet og blir mykje brukt som fiskeplass av både liten og stor. Det er ikkje mange plassar du kan stå i sentrum av byggefeltet og nesten vera garantert fangst av flott aure!



I Frøylandsbekken finst også bekkeniauge eller sueådl som den vert kalla på Kvernaland. Denne rare fisken er berre registrert tre andre stedar i Rogaland.


Namnet (niauge) har fisken fått ettersom det ser ut til at den har ni «auge» på den eine sida. Sju av desse er gjelleopningar, medan den eine er det eigentlege auge og naseopninga som dannar det niande «auge» på den ene sida. (Foto: Rudolf Svensen/www.uwphoto.no)


Bekken er også leveområde for den raudlista elvemuslingen. Elvemuslingen er ein norsk ansvarsart som Norge har eit spesielt ansvar for å ta vare på. Elvemuslingen kan bli svært gammal og dei eldste individa levde kanskje i bekken då Kvernaland fabrikk hadde sin spede start for snart 150 år sidan. Før var det mengder av elvemusling i Frøylandsbekken, men bestanden har dessverre gått drastisk tilbake og er nå svært sårbar for ytterlegare negative påverknadar.


Den raudlista elvemuslingen finst i Frøylandsbekken godt gøymt mellom grus og steinar. (Foto: Maren Homnes Oddane)

Det er eit rikt fugleliv langs bekken. Her finn me alt fra linerle, rødstrupe og rødvingetrost til hegre.


(Foto: Harald Lygren)


Langs dei frodige kantane av bekken finst skavgras. Den fleirårige stengelen er ru av små silikatkorn og har vore brukt til å pussa kjelar og gryter med. Skavgras blei også brukt til å pussa trearbeid med før sandpapiret blei vanleg.


Skavgras veks langs bekkekanten, og den rue overflata gjer at skavgras er godt egna til å skrubba kjeler med. (Foto: Maren Homnes Oddane)


Fleire av dei enorme områda som kan bli til datasenter ligg i nedbørsfeltet til Frøylandsbekken. Flater som i dag består av gras, lyng og skog og held vatnet naturleg tilbake, vil bli erstatta med asfalt og andre harde flater. Vasstanden i elva vil kunna stiga fort og kunna vaska ut egg, yngel og insekt som lever i vatn. Særleg under anleggsfasen vil det bli ei langvarig og stor partikkelavrenning. Dette vil truleg føra til at siste rest av elvemuslingen forsvinn. Det vil også få store negative konsekvensar for fiskeegg, yngel og andre levende organismar.


La oss Verna Kvernaland både for vår del, og for alle dei fantastiske skapningane som lever her.


Større konsekvensar

På dette kartet ser me kor store område som vil gå tapt om det blir bygd datasenter, batterifabrikk, masseuttak og omkøyringsveg rundt Kvernaland.

Forklaring til kartet: Rødt: Planlagte datasenter/batterifabrikk. Oransje: Masseuttak som er her i dag. Gult: Planlagte masseuttak. Lilla: Planlagt omkøyringsveg

Konsekvensane for både natur, friluftsliv, matjord og kulturhistorie er enorm, men er berre delvis skildra i konsekvensutgreiinga Time kommune har bestilt i samband med datasenterplanane. I denne utgreiinga er kvart område vurdert enkeltvis. Den samla summen av inngrepa med masseuttak, kraftkrevande industri og omkøyringsveg er svært stor. Og denne summen er ikkje vurdert. Når så mange og så store inngrep skjer samtidig må dei vurderast saman for å få den reelle konsekvensen.


For å illustrera konsekvensane for bygda, har me også lagt planområda for dei planlagte næringsområda og masseuttaka rundt Kvernaland oppå eit flyfoto over industriområdet på Forus. Dette dekker like mykje som Ikea, Kvadrat, Tvedtsenteret, travbanen, Equinor og alle dei andre store industribygga på begge sider av motorvegen. Dette viser godt kor enormt stor den planlagte nedbygginga av nærområda er:


Kva kan du gjera for å hjelpa?

1 478 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2 Post
bottom of page