top of page
  • Vern Kvernaland

Jordvern

Oppdatert: 21. sep. 2020

Skrevet av Anne Frøyland Grødem. Foto: Tor Ingve Frøyland og Alf Vinningland.


Jordvern er som ordet seier: vern av jord.

Ei meir nøyaktig formulert definisjon av jordvern:

Jordvern er et begrep som blir brukt om det å beskytte forekomstene av dyrket eller dyrkbar jord, ofte kalt matjord. Jordvern er en politisk motreaksjon på samfunnets nedbygging og høye forbruk av matjord, og blir ofte stilt i samme kategori som andre former for naturvern- og miljøpolitikk.


Jordlova

I Norge har vi jordlov. Jordlova er eigentleg namnet til to lover: jordlova frå 22.juni 1928 og lov om jord frå 12.mai 1995. Lova frå 1928 vart oppheva i 1955, medan jordlova frå 1995 fortsatt er gjeldande.

Jordlova i 1928 hadde sitt opphav knytta til harde økonomiske forhold i 1920-1930 åra. Lova skulle vera eit verkemiddel for og oppheva husmann- og bygselvesenet. Målet var at folk skulle ha nok jord til at det var eit levebrød.

Gjeldande jordlov frå 1995 omfatter heile landet, unntatt områder som er regulert til byggeområder. Lova sitt formål er å tilrettelegge for at jordviddene i landet med skog og fjell og alle arealressursane som høyrer til, kan bli brukt på den måten som er mest tjenleg for samfunnet og for dei som har yrket sitt i landbruket.

Det står vidare at jordbruksareal skal drivast, og at dyrka jord ikkje må brukast til føremål som ikkje tar sikte på jordbruksproduksjon. Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje er eigna til jordbruksproduksjon i framtida.


Kvifor jordvern?

Matjorda er oss menneske sin tause alliansepartner. Jorda er utgangspunktet for all produksjon i landbruket. Nokre matvarer kan vi ete direkte frå jorda. Det er grønnsaker, frukt, bær og korn. Men også maten som dyra i landbruket et, dyrkast på matjord.

Jordvern handler om å sikre dagens befolkning og framtidige generasjonar ein mulighet til å dyrke eigen mat på eiga jord. Difor bør vi i størst mogleg grad unngå å bygge vegar, bustader og industribygg på dyrka mark.

Jordvern betyr at den beste jorda fortsatt skal brukast til å dyrke mat, og at den ikkie blir omdisponert til andre formål.

Samanlikna med mange andre land, er Norge sitt jordbruksareal lite. For å sikre matproduksjonen er det difor viktig med eit sterkt jordvern. Jordvernet må i tillegg kombinerast med god utnytting av tilgjengelige jordbruksareal.


Våronn på Frøylandsfeltet 2019. Foto: Anne Frøyland Grødem


Det tar hundrevis av år å danne god matjord, og jordsmonnet er dermed ein ressurs som i praksis er ikkje-fornybar. Dyrka mark er ein knapp ressurs. Berre tre prosent av Norge sitt landareal er i dag dyrka mark, då er overflatedyrka jord og innmarksbeite medrekna. Dette arealet utgjer om lag 10 milloner dekar, der 1 dekar(daa) = 1000 kvadratmeter.

Av dette er det berre 30 prosent som er eigna til å dyrke matkorn. Ingen EU-land har lågare andel. I dag blir 90 prosent av jordbruksarealet brukt til å dyrke dyrefôr, som blir omsatt til kjøtt, mjølk eller egg.

Det totale jordbruksarealet i Norge har auka dei siste 25 åra. Men den beste jorda – der vi kan produsere korn, poteter og grønnsaker – er blitt redusert. Forklaringa er at det er blitt meir innmarksbeite, mens fulldyrka jord mange stader er blitt omdisponert eller tatt ut av drift.

Norge har eit lite areal i reserve der vi kan dyrke matkorn. Det finst 12,5 millioner dekar ubenytta dyrkbare areal, men det meste ligg i klimasoner som kun er eiga til å dyrke gras og korn til dyrefôr. Under to prosent av det ubenytta arealet ligg i områder som er godt eigna til dyrking av matkorn. Det tilsvarer mindre enn halvparten av Oslo kommune.

Nydyrking på Jæren 2020. På Risa, opp mot Bøbakkane. Foto: Alf Vinningland.


Det har vore mykje merksemd om betydninga av eit sterkt jordvern sidan starten av 1970-talet. Samstundes har befolkningsveksten og den generelle samfunnsutviklinga skapt store arealbehov. Dette gjer seg særleg gjeldande i områda rundt tettstader og byar, der den beste matjorda ligg. Den aller beste matjorda finn me i tilknytning til dei største byane på Austlandet, Jæren og rundt Trondheimsfjorden.

Behovet for bustadutbygging, industriutvikling, nye jernbanetraseer og vegar har gjennom historia stadig blitt vege opp mot jordvern. Konfliktnivået er til tider svært høgt, og presset på jordressursane er i dag større enn nokon gong. Kampen om areala vil berre auke, sett i forhold til den forventa befolkningsveksten i Norge. Oslo er til dømes ein av Europas raskast veksande byer. Etter prognosane vil hovudstaden passere 800.000 innbyggarar i 2027, og ein million i 2040.

10 bod for jordvern.

Du skal verne matjorda fordi:

  1. Jord er trua globalt. Store areal i verda går tapt kvart år grunna erosjon, ørkenspreiing og byvekst. Det arealet som kvart år blir bygd ned i Europa, kunne gitt nok matkorn til 3 millioner menneske.

  2. Jord er trua nasjonalt. I Norge er den dyrka jorda under sterkt press grunna aukande folketal som gir auka byvekst. Jordbruksareal går tapt til bustadbygging, samferdsel og næringområder.

  3. Jord gir verda brød. Korn er hjørnesteinen i verdas kosthald. Klimaendringar gir mindre avlinger rundt om i verda, unntatt i Norge. Jordbruksareal i Norge vil difor verta svært verdifulle i framtida. Berre ein liten andel av verdas korn blir eksportert, eiga befolkning blir prioritert ved mangel.

  4. Jord gir biologisk mangfald. Jordbruksareal gir mat til tusenvis av andre arter enn oss menneske. Millionvis av mikroorganismer og bakterier, meitemark og jordrotter blant anna, lever i jord og lagar den porøs og stabil.

  5. Jord gir vakre landskap. Jordbruket skapar eit variert kulturlandskap, som har stor verdi for friluftsliv, rekreasjon og turisme.

  6. Jord er eit historisk arkiv. Jorda er som ei tidslinje som fortel oss om livet og hendingar som skjedde tilbake i tid. Den gir oss kunnskap om fortida.

  7. Jord kan verna mot flaum. Jord har god evne til å absorbera vatn, og kan fungere som ei buffer ved flaum. Nedbygging gir auka overflateavrenning, og dermed større flaumrisiko.

  8. Jordvern er miljøvern. Jorda er viktig i kampen mot klimaendringar og forureiningar. Den lagrar karbon og filtrerer vatn.

  9. Jord gir levande bygder. Jordbruksareala er grunnlaget for Norges si største industrinæring, næringsmiddelindustrien. Denne industrien er bærebjelken i mange bygdesamfunn rundt om i landet. Jordvern er vern av titusenvis av arbeidsplasser i Norge.

  10. Jordvern får ringverknader. Jordvern er ikkje kun for bønder, men er ei samfunnssak. Jordvern får eigne interessegrupper- og foreninger, konferanser og merksemd i media.

Omdisponering av jordbruksareal

Av og til er omdisponering av jordbruksareal nødvendig for å møte andre samfunnsbehov.

Omdisponering betyr å ta i bruk dyrka jord til andre formål enn landbruksproduksjon.

Omdisponering av dyrka jord på Frøyland til omsorgsenter omlag år 2000. Foto: Tor Ingve Frøyland.


Sidan andre verdskrig er minst 1,2 millionar dekar (1 dekar = 1000 kvadratmeter) dyrka og dyrkbar mark blitt omdisponert til andre føremål – i snitt nær 19.000 dekar om året.

Dei siste åra har trenden snudd.

I 2004 kom det eit nasjonalt jordvernmål om å redusere den årlege omdisponeringa av dyrka mark med 50 prosent innan 2010.

Målet blei konkretisert til at den årlege omdisponeringa skulle bli redusert til under 6000 dekar (6 millionar kvadratmeter) dyrka jord.

Regjeringa har laga ein nasjonal jordvernstrategi som Stortinget behandla 08.12.2015.

I vedtaket fastsette Stortinget eit mål om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord må vere under 4000 dekar, og bad regjeringa om at målet skulle vera nådd innan 2020.

Omdisponering av dyrka jord har låge på om lag 6000 dekar dei siste åra.


Omdisponert areal fordelt på dyrka og dyrkbar jord. Diagram frå landbruksdirektoratet.


Diagrammet viser omdisponering av dyrka og dyrkbar jord.

Dette er areal som kommunane omdisponerer gjennom reguleringsplaner vedtatt gjennom plan- og bygningslova, eller gjennom enkeltvedtak hjemlet i jordlova.

Det har aldri vorte omdisponert mindre dyrka jord enn i 2018.

3 561 dekar dyrka jord blei omdisponert til andre formål.

For dyrkbar jord ser vi imidlertid ein annan trend.

9 012 dekar dyrkbar jord blei omdisponert til andre formål i 2018.

Andre formål jordbruksareal kan bli tatt til bruk som er for eksempel boligbygging, næringsarealer eller samferdselstiltak som vei eller jernbane.

Kommunen har et særskilt ansvar for å ivareta jordvernet gjennom sin arealforvaltning.


Omdirponering fylkesvis fordeling. Oversikt frå landbruksdirektoratet.


Diagrammet viser omdisponeringa av dyrka jord i 2018 fordelt på fylker.

I 2018 er det kommunane i Akershus/Oslo, tett fulgt av Trøndelag og Rogaland, som har omdisponert mest dyrka jord.

Omdisponering historisk. Oversikt frå Landbruksdirektoratet.


Omdisponeringa har vore på rundt 6 000 dekar per år no i den seinare tid.

Over 350 000 dekar dyrka jord har blitt omdisponert i Norge dei siste 40 åra.


Plan- og lovverk

Jordvern må vera eit overordna mål i all samfunnsplanlegging og all framtidig arealforvaltning.

Kommunane har ei viktig rolle i å ivareta nasjonale og regionale jordvernhensyn, då dei har hovedansvaret for arealforvaltninga lokalt. Jordlova og plan- og bygningslova regulerer i dag kommunane si forvaltning av jordbruksareala.

Den reviderte plan- og bygningslova, som tro i kraft 1. juli 2009, har fått fleire verkemidler for å styrke jordvernet. Dei siste åra har jordvern hatt ein meir framtredande plass i planlegginga av nye samferdselsprosjekt, bustadutbygging og næringsutvikling.

For å betre balansen mellom samfunnet sine ulike arealbehov, har Landbruks- og matdepartementet utarbeida ein helhetlig jordvernstrategi.

Den nasjonale jordvernstrategien frå Regjeringa blei vedtatt av Stortinget 8. desember 2015. Den legg grunnlaget for dei regionale jordvernstrategiane. Jordvernstrategi for matfylket Rogaland blei vedtatt i Fylkestinget 12.juni 2019. Fylkesmannen kallar dette ein merkedag for jordvernet i fylket. Der står formulert at målsettinga for omdisponering av jordbruksareal skal vere under 400 dekar i året. Gjeldande landbruksplan for Time kommune blei vedtatt 20.juni 2017. Den gjeld for perioden 2016-2026.

Teksten nedanfor er utdrag henta frå denne planen:

«Time er ein av landets største landbrukskommunar produksjonsmessig, med ei landbruksnæring som investerer og satsar på framtida innan matproduksjon. Jordbruksareala her på Jæren er blant dei beste i landet.


Kommunen ønskjer eit livskraftig og framtidsretta landbruk. Jæren har naturgitte og særs

gode forhold for effektiv storproduksjon for å sikra matforsyning ikkje berre lokalt og regionalt, men også nasjonalt. Time kommune er stolt av å vera ein viktig bidragsytar i landet sin jordbruksproduksjon, og ønskjer å ha god kunnskap om og bidra til utvikling av jordbruket som ei viktig næring i kommunen. Time kommune ønskjer å bidra til ei berekraftig landbruksnæring på Jæren. Det grunnleggjande behovet for mat må sikrast for komande generasjonar gjennom å ta vare på god jordbruksjord.

Jordvern er vern om produksjonsgrunnlaget til gardbrukarane og vern om landet sine

avgrensa matproduksjonsareal.

Jordvern er eit viktig samfunnsansvar. Det er eit nasjonalt mål at matproduksjonen skal aukast med 20 % i perioden 2015-2030 Rogaland har om lag 6,4 % av den dyrka jorda i Norge.

Dersom Rogaland skal oppfylla sin del av den nasjonale målsettinga kan ikkje omdisponeringa i fylket utgjera meir enn 256 dekar årleg. Dyrka jord i Time utgjer 7,9 % av dyrka jord i Rogaland. Skal Time oppfylla sin del av målet i den nasjonale jordvernsstrategien vil det bety at årleg omdisponering maksimalt kan vera 20 dekar.»

Kjelder:

299 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2 Post
bottom of page