top of page
  • Forfatterens bildeVern Kvernaland

Kva vil datasenter gje tilbake til kommunen og innbyggjarane?

Foto: Tor Ingve Frøyland

Tekst: Håkon Salte


I desse dagar då planar om utbygging av datasenter på Kalberg i Time ligg på bordet, kan det som innbyggjar eller politikar i Time, eller Jærbu generelt, vera verdt å spørja seg:


Kva vil ei eventuell utbyggjing av datasenter og/eller industriområde gje tilbake til kommunen og innbyggjarane?


Eg stiller meg spørjande til korleis eit datasenter som i all hovedsak skal brukast som ein statisk lagringskapasitet skal kunne gje tilbake så mange arbeidsplassar som førespegla. Klart det vil gå med mykje ressursar i å få eit slik anlegg opp å gå, men når det først er i drift, er det då meininga at dataserverane skal vera avhengige av folk i daglig arbeid for å fungera?


Eg trur ikkje det.


Sjølvsagt vil der vera behov for periodisk vedlikehald og administrativt arbeid, men eg tykkjer det er interessant å kalle eit datasenter, som i seg sjølv skal vera eit bygg som husar dataserverar, for mellom anna ein "katalysator for arbeidsplassar".


Sjølvsagt kan ein få til fleire arbeidsplassar ved utbyggjinga men då må ein ta høgde for ytterliggare meir utbyggjing av industri på området.

Arbeidsplassar er svært viktig. Men ein bør tenkje på at jorda som ein ønskjer å byggja ut på også gjer og har gitt arbeidsplassar. Dette skjer ved at bønder brukar jorda til matproduksjon og som ein del av ei større næringskjede. Dette gjev meir tilbake til lokalsamfunnet enn ein kanskje er klar over. Ein bør verkeleg tenkje over kva jordbruk har hatt å seie for Time og Jæren. Jord og Landbruk er ein hjørnestein for heile Jæren både når det gjeld verdiskapning, kulturlandskap og industri for å nevne noko.


Viss ein snur seg og ser tilbake nokre år i historien så kan ein finna gode eksempel på kva jordbruk kan ha å seie for eit lokalsamfunn: Ta Kverneland/Frøyland som eksempel: På grunn av at lokale bønder hadde behov for reiskapar til å drive jorda meir effektivt måtte bygdesmedar koma på gode løysingar. Bygdesmedane sine verksemder vaks seg til fabrikkar og derav vart det skapt nye arbeidsplassar til folk. Fabrikkar slik som Kverneland og Tks er mellom anna kjende for verdsleiande plogar, siloheisar osv. Produksjon av landbruksutstyr i Kvernaland- og Frøyland-traktene har ført til arbeidsplassar for folk i fleire generasjonar.


Kan politikarar i Time seie at dei tek i god nok betraktning kor stor betydning landbruket både har og har hatt for Time og Jæren når ein vurderer og bestemmer bruk og regulering av landbruksjord?


Diverre har utviklinga i Time Kommune på jordvernfronten vore heller sørgeleg. Dette er ei sak som handlar om vegvalg ein vil ta inn framtida, spesielt når det kjem til bruk av areal og jordvern. Ein bør tenkje seg om kva konsekvensar det har å byggja ut så mykje verdifull ikkje- fornybar landbruksjord til andre formål.


Vil ein gje etter for dei aktørane som har mest i pengeboka og ropar høgast eller vil ein tenkje langsiktig og bevara det som er lurt å bevara for framtida?


Eg tykkjer det er paradoksalt at Lyse profilerer seg med at utbyggjing av datasenter og industri på Kalberg skal vera gunstig innan klimatiltak når ein gjer eit kjempe klimaavtrykk med å byggja ned så mykje god landbruksjord.


Eg meiner at Jæren må bestå inn i framtida som eit landbruksområde som er med å sikrar matproduksjon, arbeidsplassar og uerstatteleg kulturlandskap.

533 visninger1 kommentar

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2 Post
bottom of page