top of page
  • Forfatterens bildeVern Kvernaland

Veit Time kommune kva jordvern er?

Planane om datasenter på Kalberg (og Frøyland/Kverneland) reiser fleire spørsmål. Først om jordvern. Her har Time kommune lite å skryta av. I diskusjonar om samanslåing av Klepp og Time har jordvern vorte brukt, ettersom det meste av arealet i Klepp er dyrka/dyrkbart så kan ein bruka anna areal i Time og spara jord i Klepp. Men ser me på statistikken for åra 2005 til 2019 så er det i Klepp omdisponert 1263 da dyrka jord, i Time 1375. For dyrkbar jord er det i Klepp omdisponert 329 da, i Time 2639. Her veg det tungt at det i 2005 vart teke ut 2018 da.


Men sjølv om ein ser bort frå dette så er det tydeleg at det vert omdisponert meir jord i Time enn i Klepp, sjølv om det i Time er langt meir areal som er haug og hammar. I Hå er det i same periode omdisponert 564 da dyrka jord, 525 da dyrkbar jord. Tydeleg at i Hå veit dei kva dei lever av. Det kan nemnast at heile Forus travbane er 120 da. Jordvern er spørsmål om vilje, og det er fråverande i Time.


(Foto og montasje: Norconsult)


Regionalplan for Jæren 2050 er nå ute på høyring. Her har rådmann Apeland laga eit utkast til uttale frå Time kommune. Her tonar han ned trongen for restriksjonar med omsyn på jordvern og fremjar trong for arealkrevjande aktivitet som handel og datalagringsentre. Rett ut seier han at Time bør halda stø kurs med bruk av dyrka jord som før.

Trongen for datasentre grunngjev han med at det er registrert interesse for dette. Her er det klart at dette er ikkje noko folkekrav, slett ikkje i Kvernalandsområdet. Det kjem frå 2 firma som har venskap og gode kontaktar inn i Time kommune på høgt nivå, politisk og administrativt.

Utspela frå desse interessene er litt vanskelege å forhalda seg til. Dei bles opp tal på arbeidsplassar meir for kvar gong det kjem nye utspel. Det kan vera bevisst å kalla årsverk arbeidsplassar slik at det ser ut som det kan redda heile Jæren. Men eg hugsar også frå skuletida at det var nokon som aldri fekk taket på å rekna med dagsverk, årsverk og arbeidsplassar. Eit problem er at folk flest ikkje kjem på at det som ein trur er seriøse firma er unøyaktige med vilje. Men for å få dette litt inn i målestokk: På universitetet i Stavanger er det 1600 tilsette. Og utviklinga går klart i retning av at det vert færre og færre tilsette ved datasentera, det meste av operasjonar vert gjort av folk som sit langt borte.

Google og Facebook har etablert senter i Danmark og Sverige. Dei har så engasjert og betalt konsulentfirma for å skriva om kor eineståande dette er for nabolaget med arbeidsplassar og investeringar. Og deretter vert desse brukte i andre utgreiingar heilt ukritisk.

Men kva er det me risikerer å få? Dei snakkar i alle høve om minst eit hyperscale datasenter. Noko slikt har aldri eg sett, men Norconsult som arbeider med konsekvensutgreiing for Time kommune har laga reguleringsplan for området der Google kjøpte tomt i Skien. Eg går då ut frå at dei kjenner til slike bygg. I den utgreiinga skriv dei at det er store bygg, opp til 400 meter lange, 120 meter breie og maks mønehøgd på 40 meter. Høghuset på Bryne er 66 meter. Dei har lagt inn nokre slike i skogsterrenget i Telemark. Er det slikt me ønskjer å ha i det opne kulturlandskapet på Kalberg?

Sven Åsland pensjonist, medlem av Vern Kvernaland

600 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2 Post
bottom of page