top of page
  • Forfatterens bildeVern Kvernaland

Området er blant dei mest produktive grasareala i heile landet

Oppdatert: 31. mar. 2020

Tekst: Anne Frøyland Grødem


Området Kalberg, Frøyland og Kverneland er både stort, samanhengande og lettdrive. Dei flate, samanhengande jordbruksareala er godt eigna for moderne jordbruksdrift, i motsetnad til mange andre stader i Noreg der jordbruksareala ligg spreidd rundt.


I dette området på 6000 daa som kommunen vil omdisponere, har vi 1000 daa fulldyrka jord og 2000 daa innmarksbeite. Her i Noreg er dette eit svært stort jordbruksareal. Typiske teikn for Jæren er blandinga av fulldyrka eng og innmarksbeite. Resten av arealet blir ofte brukt til utmarksbeite. Beiteareal er ein uunnverleg del av fôrgrunnlaget for jordbruket på Jæren.

Jordbruksområdet det her er snakk om, kan reknast blant dei mest produktive grasareala i heile landet. Dette på grunn av godt klima og god jord. Jordkvaliteten i området er like god som jorda elles i kommunen.


Jordbruksareal

Landet Noreg dekkjer eit areal på 384 485 km ². Dette arealet består av mange ulike arealtyper. Vi har fjell, skog, våtmark, ferskvatn og jordbruksareal blant anna. Jordbruksarealet er på 11 188,94 km², dette utgjer berre 3,5 %. Av jordbruksarealet er 9818,22 km² i drift.

Arealressursar (Ilustrasjon: Statistisk sentralbyrå)


Når det gjelder jordbruk blir ofte dekar eller mål brukt for å angi arealet. 1 dekar (daa) = 1 mål = 1000 m² og 1000 dekar/mål = 1 km².

Definisjoner jordbruksareal:

Jordbruksjord består av fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.

  • Fulldyrka jord er dyrka til vanlig djupn for pløying, og kan brukast til åkervekster eller eng. Fornying skjer ved pløying.

  • Overflatedyrka jord er for det meste rydda og jamna i overflata, slik at det er mogleg å hauste den maskinelt.

  • Innmarksbeite er areal som kan brukast til beite, og skal ha tydeleg kulturpreg. Det kan ikkje haustast maskinelt. Minst 50 % av innmarksbeitet må vere dekka av grasartar eller beitetålande urter.


Time kommune er plassert midt i matfatet på Jæren, og reknar seg som ein viktig jordbrukskommune. Kommunestyret vedtok i 2017 at Bryne, kommunesenter for Time kommune, skal vere Noregs jordbrukshovudstad.

I Time kommune er det 84 065 daa med jordbruksareal (NIBIO 2019). Dette utgjer om lag 45,8 % av kommunens landareal.


Jordbruksarealet er fordelt slik på dei ulike arealtypane:

Av det jordbruksarealet i Time kommune som er i drift, vert 51,1% brukt til å produsera grovfôr, og 45,8% brukt til innmarksbeite.

Produksjonstilskott 2018, (Illustrasjon: Landbruksdirektoratet)


No har administrasjonen i Time kommune planar om å omdisponere 6000 da jord i området som går over gardane Kalberg, Frøyland og Kverneland. Kommunen ønsker å bruke dette til næringsområde.


Aktuelle områder for omdisponering, kommuneplan 2018-2030 arealdelen, Time kommune


Isen frå istida har forma landskapet i dette området. Med utsikt frå Brekkenuten og utover mot Frøylandsvatnet, ser du eit bakkete og bølgande landskap med fleire større haugar og

morenerygger. Ein brei og flat morenerygg som hadde fleire 100 daa med matjord ligg ut mot Frøylandsvatnet. Dette var matjord av beste kvalitet, kalla kveitejord. Jorda kunne brukast til å dyrke kveite, det beste kornet til å lage mat av. Isen og naturen hadde lagt det beste til rette for at Frøyland skulle vere eit matkammer. Det er gjennom fleire ti-år gjort svært lite frå kommunale styresmakter og andre aktørar for å ta vare på denne jorda. Difor er mykje av denne matjorda i dag dessverre utbygd med bustader.


Aktuelle område for omdisponering, kommuneplan 2018-2030 arealdelen (Kart: Time kommune)


Utsikt frå Brekkenuten ned mot Frøylandsvatnet.


Noreg har ei eiga jordlov. Der står det at det er forbode å bruke dyrka og dyrkbar jord til noko anna enn jordbruksformål. Dei jordbruksområda som skal få sterkast vern er areal som: er store

  • er lettdrivne

  • er produktive og ligg i gunstig klima

  • kan byggast ned utan ulempe for gjenverande jordbruk

  • kan byggast ut utan at framtidige areal vert truga


Referansar:

320 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2 Post
bottom of page